Betre økonomi i kommunaneEi ny undersøking viser at kommunane betra driftsresultata sine i fjor. – Sjølv om økonomien vart styrka i 2009, veit vi at situasjonen er ulik i ulike kommunar, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete. Det var teknisk berekningsutval for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) som la fram nye tal i samband med konsultasjonsmøtet mellom staten og KS, kommunesektoren sin interesseorganisasjon, tysdag. Tala syner at netto driftsresultat for kommunesektoren for 2009 er på om lag 3 prosent. Skulenedlegging, alltid feil ?I dag har eg vore med på Høgskulen i Nesna sin konferanse om skulenedlegging. Tema har vore i skjeringspunktet mellom kvalitet og politikk. Konferansen var godt besøkt med representantar frå både inn og utland. Klimakur kan bli distriktsdød.Klimakur 2020 la i går fram sin rapport om tiltak og virkemiddel for å nå norske klimamål innan 2020. Dette kan sjå ut som den ”endelege løysinga” for å avfolke norske distrikts og utkantsamfunn. Klimakur 2020 har hatt i oppdrag å vurdere ulike tiltak og virkemidlar som kan oppfylle målet om at norske utslepp av klimagassar skal reduserast frå 15 til 17 millionar tonn innan 2020. Tilpassa helsetenester nær brukaren.Kommunane i Nord Gudbrandsdalen og Sjukehuset Innlandet utviklar no eit tettare samarbeid om det nye distriktsmedisinske senteret på Otta (DMS). Dette vil bli eit viktig bidrag i arbeidet med framtidige helseutfordringar og satsinga høver godt inn i samhandlingsreformen. Det handlar om å hente det beste ut av kvarandre. -Dei stigande forventningars missnøyeI dag har Kommunenes sentralforbund i Innlandet sin årlege strategi konferanse på Lillehammer. Finansminister Sigbjørn Johnsen har nettopp hatt eit godt innlegg om den økonomiske situasjonen i landet. Sjølv nytta eg høvet til å få ein prat med han om dei komande jordbruksforhandlingane. Finansministeren har festa grepet om statsfinansane og strammar tøylene. Det er ingen grunn til å tvile på det. Han meiner at Noreg må ta ned pengebruken, for å tilpasse oss handlingsregelen når det gjeld bruk av oljepengar. Vi brukar i dag 45 mrd meir enn handlingsregelen tilseier. For hindre høgare rente og ein fornuftig kronekurs må kostnadsveksten reduserast. Finansministeren varslar at det vil merkast på mange område framover. Fordi vi kan ikkje bruke meir av framtidige generasjonar sine ressursar. SmådølaDet er ikkje mange stader i Noregs land at det frå naturen sin side ligg betre til rette for å gjennomføre ei skånsam kraftutbygging enn det AS Eidefoss no har lagt fram planar om for Smådøla. Kommunestyret i Lom gjekk sist torsdag samrøystes inn for planane. Verksemda til Eidefoss, som for ein stor del består seg av å framskaffe og formidle rein fornybar energi, av vatn som er den mest høgverdige energikjelda av alle. Bedrifta betyr mykje for kommunane i regionen. Det norske kravsamfunnetJohn F.Kennedy sa i sin kjente tale frå 1961 : ask not what your country can do for you, ask what you can do for your country. Noko av den same kjensla fekk eg av å delta på dei skandinaviske dagane 2010 i Amsterdam denne helga. Der var langt mellom dei som gjekk rundt kravde noko. SkoletingetLom kan gjere mykje i rolla som skuleeigar, sjølv om vi gjennom mange år satsa målbevist på å utvikle skulen. I dag møtes folk som er opptatt av skuleutvikling på den viktigaste skulepolitiske arena i 2010, skuletinget . Dagens konferanse får meg til å reflektere litt over skilnaden mellom norsk og tysk skule. Eg vitja nyleg kommune Röttingen i Bayern. Dette kan du lese om i ein tidlegare blogg. Det er store forskjellar. Sentralisering også i TysklandHar i ein og ein halv dag vore på vitjing i kommunen Röttingen i Bayern. Det var eit interessant og lærerikt besøk. Min tyske kollega Martin Umscheid hadde lage eit tettpakka men lærerikt program. Röttingen ligg ein halv times kjøretid frå den store byen Würzburg. Det tek 1 time med tog frå storbyen Frankfurt. Stinn brakke på Grûne WocheDet er enorm interesse for Grûne Woche 2010 som nå går føre seg i Berlin. Dette er verdens største forbrukarmesse for landbruk, mat og reiseliv. Landbruks -og matminister Lars Peder Brekk opna i går den norske standen. Dette er den største utanlandssatsinga Noreg gjer i 2010. Eg trur det er rett. Kvar skal kommunane kutte ?Både statsminister og finansminister har varsla kutt og hardare kamp om budsjettkronene framover: Det blir tøffare tak i Regjeringa. Det vil merkast alt på revidert statsbudsjett til våren. Jula forsterkarJula er ei forsterkande kraft. Har du det bra, blir gledene ekstra store i jula. Slit du med sorg, savn eller andre problem vert dei enda tyngre å bæra. Slik virkar julehøgtida. Noreg er i 2009 kåra til verdens beste land å bu i. Vi er eit av verdas rikaste land. Men er vi verdens lukkelegaste folk ? Gjennomslag for lokal forvaltningStatsråd Erik Solheim har i dag sendt ut tilbud til 131 kommunar om å delta i den framtidige forvaltninga av verneområde. Den 14 desember 2009 kan vi dokumentere eit viktig gjennomslag for Senterpartiet i Regjeringa. Tanken og kravet om lokal forvaltning har nådd gjennom. Kommunane får ei stor oppgåve i å sikra nasjonale og internasjonale mål når vi nå får forvaltningsmynde gjennom deltaking i politisk samansette nasjonalpark- eller verneområdestyre. Dette er eit heilt avgjerande grep for å sikra verneverdiane framover, og eg trur dette vil styrke forvaltninga av verneområda. Fleirbrukshall i LomPolitikarane i Lom må i løpet av neste år ta stilling til om ein skal gå vidare med eit stort investeringsprosjekt.
Mat må alle haDifor må alle land, bidra til auka matproduksjon. Vi må verne om jord eigna for matproduksjon og kunnskapen om korleis maten blir produsert. Noreg kan ikkje basere sitt forbruk på import frå land som treng maten sjølv Så mykje som 25 % av verdas matproduksjon kan gå tapt dette århundret som følgje av klimaendringar, vassmangel, plantesjukdommar og utarming av jord. Fornybar satsing ?Regjeringa har i dag fått støtte frå finanskomiteen om å pålegge biodiesel ei auka miljøavgift !!! Det er eit stort steg attende for satsinga på fornybare energikjelder. Og for framtidssamfunnet Noreg. Har i dag, som representant for LVK vore innleiar på Energi 2009. Mitt bodskap til møtelyden var 4 delt. SIVA treng powerNationen kan melda at Riksrevisjonen har granska statsføretaket SIVA. Konklusjonen er at det statlege føretaket skapar for få arbeidsplassar i distrikta. Dei vert og kritisert for at staten kan tapa store pengar. Samstundes vert viktige samfunnsoppgåver forsømt. Dette er ikkje brukbart. Det er ei kvinne i Noreg som kan snu denne uheldige trenden. Ei som kjenner distriktsnoreg sine utfordringar. Og som har vist ei uvanleg evne til handelkraft og målbevist styring. Lom med i omdømmeprosjektI alt 40 kommunar og fylkeskommunar søkte om å få delta i det utlyste omdømmeprosjektet attraktive arbeidsgivere. 8 deltakarane er valgt ut med grunnlag i gode søknader og høge ambisjonar. Lokaldemokratiet i LomNå skal innbyggarane i Lom få si frå kva dei meiner om lokaldemokratiet i kommunen. Lom har vorte plukka ut blant 90 kommunar for å gjennomføre ein såkalla lokaldemokratiundersøkelse. Dette er ei utprøving i regi av Kommunenes sentralforbund og Kommunal og Regionaldepartementet Samkommune eller regionsamarbeid.Om dei 6 kommunane i Nord Gudbrandsdalen skulle etablere ei samkommune ville kommunestyret bli ei folkevalt forsamling på om lag 120 personar. Om dette i røynda ville representere noko demokratisk framsteg, kan diskuterast. Dette er heller ikkje det viktigaste grepet som skal til for å fornya kommunesektoren. Samkommunen vil i mange høve gjere det regionale samarbeidet overflødig. Når nær sagt alle kommunar i landet deltek i eit regionalt samarbeid, vil dette kunne påverka mange. Humørbonden
Statsråd Erik Solheim dreiv aktivt oppmuntringsarbeid sist han var i Lom. I går brukte eg kvelden på humørbonden Geir Styve som heldt inspirasjonsforedrag i Lom. Tema for kvelden var bygdedyrkverking. Verdens mest sutrete folk?NRK meldte i nyheitene i dag at FN på nytt har kåra Noreg til verdens beste land å leva i.
Granskinga er basert på kriterie som forventa levealder, skrive- og lesedugleik, og bruttonasjonalprodukt (BNP) per innbyggar. Noreg har trona øvst i denne kåringa fleire gongar tidlegare. Regjeringa må seie nei til datalagringsdirektivet!Borgarinitiativet mot EUs datalagringsdirektiv oppmodar regjeringspartias forhandlarar til å seie eit endeleg nei til at datalagringsdirektivet skal bli ein del av norsk lov. Borgarinitiativet følgjer opp bloggstafetten mot datalagringsdirektivet frå i sommar.
I februar i år blei det klart at EU-direktivet må innførast, etter at EU-domstolen avsa dom i saka Irland hadde reist mot EU-kommisjonen. | ||