Det er enorm interesse for Grûne Woche 2010 som nå går føre seg i Berlin. Dette er verdens største forbrukarmesse for landbruk, mat og reiseliv. Landbruks -og matminister Lars Peder Brekk opna i går den norske standen.
Dette er den største utanlandssatsinga Noreg gjer i 2010. Eg trur det er rett.
Gudbrandsdalen er sterkt representert med utstillarar. Både Gudbrandsdalsmat, Grotli og dei historiske hotell, Arne Brimi og opplæringskontoret er med. Det same er Ståle Johansen fra Fossheim hotell som styrer showkjøkkenet.
Nedanfor kjem nokre bilete fra Berlin i dag, der det mellom anna har vore borgermestertreff med norske og tyske ordførarar.
Norges stand
Deltakarane på den tysk/norske ordførarsamlinga, med statsekretær Ola T.Heggem i front
Ståle Johansen i show kjøkkenet
Litt ompa ompa
Lunsj med Jarlsbergburger
Frau Kristina Bender frå Franken som leda den tyske delegasjonen
Schakenda si kokebok er med
Bayersk folkedans
Det var mange interessante drøftingar knytt til regional/nasjonalt/internasjonalt utviklingsarbeid. Statsekretær Ola T.Heggem lanserte mellom anna eit nytt program frå Regjeringa som skal støtte opp om internasjonal kompetanseutveksling på området.
Har også vore i kommunen Röttingen i Bayern. Erfaringane derifrå skal eg koma attende til i eit eige innlegg her på bloggen min, eller så du kan fylgje sendingane hjå NRK Hedmark og Oppland som har fulgt med i heile dag.