Kommunane i Nord Gudbrandsdalen og Sjukehuset Innlandet utviklar no eit tettare samarbeid om det nye distriktsmedisinske senteret på Otta (DMS). Dette vil bli eit viktig bidrag i arbeidet med framtidige helseutfordringar og satsinga høver godt inn i samhandlingsreformen.
Det handlar om å hente det beste ut av kvarandre.
DMS skal vere ein motor på kompetanse, evaluering og forsking.
Helseutfordringane vil vere dei same i dei store og små kommunane framover.
For vår region vil eg særskilt peike på:
• Små kommunar som sjølvsagt har same krav til kvalitet som dei store kommunane med meir ressursar
• Lang avstand til sjukehus
• Kampen om kompetanse
• Ynskje om å bruke meir ressursar på førebygging og eit interkommunalt samarbeid innan helse.
Sel kommune har i mange år satsa på desentraliserte helsetenester.
Dette har no resultert i ei større regional satsing. Regionen har tilsett ein administrativ ressurs, Vigdis Rotlid Vestad, som skal vere med å utvikle DMS og interkommunalt helsearbeid. Det nye bygget på Otta som Sel kommune har reist er snart ferdig.
Det er også formalisert eit helsesamarbeid på ledarnivå i kommunane, 6K Helse.
Vi kan vel grovt sett dele helsetenestene inn i 3 grupper.
• spesialisthelsetenester
• kommunale helsetenester
• interkommunale helsetenester.
Det er dei interkommunale helsetenestene vi fyrst og fremst skal samhandle om innan DMS.
Døme på slike kan vere:
Telemedisin, Legevakt/varsling, kompetanseutvikling, jordmorvakt, samfunnsmedisin, folkehelse, læringsnettverk, undervisningsheimetenester, intermediære senger, legetenester og utvida legevaktsamarbeid, rehabilitering, dialyse.
Kvar enkelt kommune skal no sjå på om dei ynskjer å vere med i eit utvida legevaktsamarbeid.
Hovedutfordringa med det regionale prosjektet er å få prøvd kva helsetenester vi skal samarbeide interkommunalt om, og kva kan vi utvikle saman med SHI for å etablere helsetenester i regionen.
Eg meiner at dette må vere ei av dei viktigaste regionale satsingane framover.