I dag har eg vore med på Høgskulen i Nesna sin konferanse om skulenedlegging. Tema har vore i skjeringspunktet mellom kvalitet og politikk.
Konferansen var godt besøkt med representantar frå både inn og utland.
Godt frammøte på skulekonferanse
Dette var ei sluttmarkering av det fireårige prosjektet om skule og oppvekst i område med spreidd busetnad ved Høgskulen finansiert av Noregs forskingsråd.
Forskinga som vart lagt fram har dokumentert at det sidan innføringa av det nye inntektssystemet på 1980 talet med mindre øyremerka midlar, har gått føre seg ei omfattande nedlegging av små og ikkje fullt så små skular rundt om i landet.
Konferansen var nok ytterlegare aktualisert av at politikarane i ”Terra” kommunen Rana no må kutte over 20 millionar i skulebudsjettet.
Mira er ei av mange som aksjonerer.
Forskarar, professorar og kommunalsjefar, stod fram, den eine etter den andre, å skulda skulenedleggingar for å ha resultert i alt frå demografiske utfordringar til ryggproblemar for elevane.
Mitt bidrag ved dette høvet vart meir eit forsøk på å nyansere debatten.
Sett i ljos av at dei små kommunane har store utfordringar knytt til skulekvalitet, er det nok ikkje alltid best at alt skal vere som det har vore.
Eg trur at nokon skular kan bli for små.
Difor meiner eg heller ikkje at ei skulenedlegging, berre er negativt for eit lokalsamfunn.
Langt mindre for dei skulen eigentleg er til for, borna.
Kommentarar
Bra at det er flere enn meg som ikke synes at de at de små skolene skal bevares for enhver pris.