Nord Gudbrandsdalen har unike moglegheiter for kreativ næringsutvikling framover. Det fordrar at kommunane evner å sjå ut over kommunegrenser, slik næringslivet har lang og god tradisjon og erfaring med å gjere.
Diskusjonane om næringsutviklingsarbeidet har godt friskt i politiske og administrative organ i regionen dei siste månadane, etter at Lom kommunestyre tok eit nytt initiativ til ein regional prosess for eit tettare samarbeid om næringsutvikling. Dette vart gjort med bakgrunn i at næringsutvikling er utpeikt som eit hovedsatsingsområde for det regionale samarbeidet. Intensjonen frå Lom kommunestyre må tolkast som eit ynskje om å få den fragmenterte organiseringa av regional næringsutvikling, inn på eit meir samhandlingsorientert spor.
Det er viktig å samla kompetanse, også innan dette området. Konklusjonane frå dei fleste kommunane ser førebles ut til å lande på status quo. Eigne kommunale fyrstelinjetenester utan naudsynt og målretta regional koordinering og spesialisering. Formannskapet i Lom, har seinare, med all tydelegheit, gjeve utrykk for at vi ikkje er samde i denne konklusjonen som fleirtalet har samla seg om.
Regionkontoret må sjølvsagt vere eit naturleg nav og kompetansemotor i næringsutviklingsarbeidet, sidan dette alt er utpeikt som eit særskilt satsingsområde, og miljøet har stor tillit i næringslivet i regionen. Det er også her det har vore satsa på å utvikle felles regional kompetanse. Ei vidare spesialisering av dette miljøet på Otta, med konkrete bidrag frå alle 6 deltakarkommunane og regionalt næringsliv, vil vere ein framtidsretta veg å gå. Dette opnar også moglegheiter for eit tettare samarbeid med private aktørar som tilbyr konsulenttenester innanfor næringsutviklingsområdet i regionen.
Nord Gudbrandsdalen kan i røynda delast inn i ein, eller i høgda to, felles bu, arbeids og serviceregionar. Ei bedrift som skapar nye arbeidsplassar på Otta, er viktig for både Vågå og Lesja. Og omvendt. Arbeidspendlinga mellom dei ulike kommunane i regionen er stor. Telemarksforskning dokumenterar da også dette i sine næringsanalyser.
Dette er nokre grunnar til at det er viktig å følgje opp saka vidare.