Nasjonalparkriket Natur og Ungdom og Ungdommens fylkesting i Oppland arrangerer 12- 15 august Klimacamp2010.
Det blir stor lokal, nasjonal og internasjonal deltaking frå ungdom mellom 16-25 år.
Kjende og profilerte personar innan politikk, miljøvern og offentleg liv har også varsla interesse for å delta.
I spissen for desse statssekretær Heidi Sørensen i Miljøverndepartementet.
Klimacampen er ein del av eit demokratiprosjekt i regi av Aktiv Ungdom. Ungdom fra fleire land set kvarandre i stemne for å diskutere klimautfordringar. Leiande nasjonale forskarar innan klima, vegetasjon, permafrost, meteorologi og arkeologi vil ta dei besøkjande med i felt for at dei med sjølvsyn kan sjå endringane som skjer i naturen. Det vert også høve til å besøke istunnelen i Klimaparken.
Alt skjer i eit nært samarbeid med Norsk Fjellmuseum og Klimapark 2469.