Galdhøpiggen klatrepark

I dag opnar eit nytt aktivitetstilbod i Bøverdalen i Lom. Den nye Galdhøpiggen klatrepark. Dette vil styrke det aktivitetstilbodet vi alt finn her, til glede for både bygdafolk og turistar.

Denne klatreparken ligg i eit reiselivsmessig satsingsområde for Lom.

Det som set ein ekstra spiss på dagens opning er at det er unge grûnderar og bygdeutviklarar som står bak etableringa. Det har vi fleire gode døme på i Lom. Jan Slålien og Ronny Nestvold har og skipa eit nytt selskap Aktiv i Lom. Dei har brukt tallaus timar, i tillegg til sine “vanlege” jobbar, på å bygge opp den nye klatreparken og det nye firmaet som i sum tilbyr mange spanande aktivitetstilbod. Dette er unge grûnderar som ser moglegheiter og som skapar positive ringverknader i sitt område.

Slikt engasjement er med og gjev meg framtidstru på vegne av bygdenoreg.

Vist 434 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Det er modig gjort av to så unge pesonar å satse så mange arbeidstimar og så mykje pengar på næringsutvikling. Bøverdalen generelt og Lom spesielt har rett ut sagt ei “fantastisk” historie i det å dømme “nedenom og hjem” alt nytt. Enkelte kaller dette jantelova, andre kallar det bygdadyret. Gudskje lov har slike reaksjonar vore totalt fråverande i lokalsamfunnet under oppbygginga av klatreparken.

Nå vil eg endeleg håpe og tru at Bøverdølar og Lomværar ser nytten i å samarbeide og hjelpe kvarandre, framfor å hogge hovudet av dei som tør. Galdhøpiggen klatrepark er eit utmerka prosjekt. OG – dersom Bøverdalen og Lom skal vera liv laga i åra som kjem – er det trong for langt meir satsing på næringsutvikling. Det er og plass for mange fleire som tør å satse, også i Bøverdalen. Derfor – ærede Bøverdøler – sjå dykk rundt. Finns det andre aktivitetar dykk sjølve kan satse på, eller andre former for næringsutvikling dykk kan ta del i?

Ein ting er i alle fall brennsikkert: Utan at fleire av dykk oppi der tek tak og lagar eigne arbeidsplassar kan dykk gløyme å busettja dykk både i Bøverdalen og i Lom. Fall ikkje på den klovnetanken å tru at politikarar og storsamfunn vil greie å skaffe dykk arbeidsplassar. Mottoet bør vera: “Den som sit på baken får vanlegvis sår i ræva.” Det er det berre helsestellet som får arbeidsplassar av – og dei har meir enn nok å gjera like vel.

Lykke til, gutar!

Annonse