Regjeringa må seie nei til datalagringsdirektivet!

Borgarinitiativet mot EUs datalagringsdirektiv oppmodar regjeringspartias forhandlarar til å seie eit endeleg nei til at datalagringsdirektivet skal bli ein del av norsk lov. Borgarinitiativet følgjer opp bloggstafetten mot datalagringsdirektivet frå i sommar.

Måndag 28.september skal forhandlarane til Ap, SV og SP møtast for å bli einige om regjeringas felles program for den neste fireårsperioden – oppfølgjaren til Soria Moria-erklæringa.

14.juli i år blei bloggstafetten mot datalagringsdirektivet lansert. Over 130 bloggarar oppmoda partia generelt og regjeringa spesielt om å ta stilling til EUs datalagringsdirektiv, og seie eit klart og tydelig nei til at direktivet skal bli norsk lov. I tillegg blei partia oppmoda til å seie ja til om nødvendig å bruke reservasjonsretten i EØS-avtalen for å stanse direktivet.

Av stortingspartia har Venstre og SV programfesta å bruke reservasjonsretten mot direktivet. FrP og SP har landsstyrevedtak om det same. KrF er mot direktivet, men vil sjå konsekvensane av å bruke reservasjonsretten. Høgre er ikkje villig til å bruke reservasjonsretten, medan Ap ikkje har teke stilling til direktivet enno.

Ei rekkje parti utanfor Stortinget, organisasjonar og einskildpersonar har teke klart og tydeleg standpunkt mot datalagringsdirektivet, og oppmodar regjeringa til ikkje å ta direktivet inn i norsk lov. Sidan januar 2008 har det eksistert ulike formar for opprop, e-postaksjonar og Facebook-grupper som alle er motstandarar av datalagringsdirektivet.

I juni 2008 sa to av våre fremste juristar på europarett, Finn Arnesen & Fredrik Sejersted ved senter for europarett UIO), i ein uttale bestilt av IKT-Norge at det ved bruk av reservasjonsrett materielt sett verkar å vere svært beskjedene delar av EØS-avtalens Vedlegg IX som vil bli direkte ”ramma”. Samtidig sa regjeringas eigen personvernkommisjon at dei ikkje kunne støtte ei innføring av direktivet fordi grunnlaget for innføring av direktivet ikkje er tilstrekkeleg dokumentert.

Gjennom bloggstafetten tidlegere i år og Borgarinitiativet no sameiner vi kreftene for å stå sterkare saman. Vi synleggjer ei uvanleg brei politisk allianse for personvern og mot datalagringsdirektivet. Alliansen strekk seg inn i regjeringspartia.

Datalagringsdirektivet er eit angrep på den retten kvar og ein av oss har til å verne vårt privatliv. Personvernet inneber ein rett til å vere i fred frå andre, men og ein rett til å ha kontroll over opplysningar om seg sjølv, særleg opplysningar som vert opplevd som personlege. Etter EMK artikkel 8 blir personvern sett på som ein menneskerett.

Med ein mogleg norsk implementering av Datalagringsdirektivet (direktiv 2006/24/EF), som pålegg tele- og nettselskap å lagre trafikkdata om borgaranes elektroniske kommunikasjon (e-post, sms, telefon, internett) i inntil to år, vil nordmenns personvern bli krenka på det grovaste.

Datalagringsdirektivet blei vedteke av EU 15.mars 2006, men framleis har den norske regjeringa ikkje offisielt teke stilling til om direktivet skal gjerast til norsk lov eller ikkje. Gjennom EØS-avtalen har Noreg ein reservasjonsrett. Denne har aldri før blitt brukt, men så har ein heller aldri stått overfor eit direktiv som representerer ein så stor trussel mot demokratiets grunnleggjande verdiar som det datalagringsdirektivet gjer.

I februar i år blei det klart at EU-direktivet må innførast, etter at EU-domstolen avsa dom i saka Irland hadde reist mot EU-kommisjonen.

Vi som publiserer dette oppropet sluttar oss til “Borgarinitiativet mot EUs datalagringsdirektiv”, og er einige i oppmodinga om å be Ap, SV og SP gjennom regjeringsforhandlingane seie eit klart og tydeleg nei til at EUs datalagringsdirektiv skal bli ein del av norsk lov.

Vist 737 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Enig, – og det same bør gjelde postdirektivet. I valkampen sa både SP og Torstein Rudihagen (AP) nettopp det.

Annonse