Humørbonden

Statsråd Erik Solheim dreiv aktivt oppmuntringsarbeid sist han var i Lom.

I går brukte eg kvelden på humørbonden Geir Styve som heldt inspirasjonsforedrag i Lom. Tema for kvelden var bygdedyrkverking.

Styve fortalte at for han var bygdedyret eit bilete på negativitet, førehandsdømming, misunning og misstru som alle kan bli utsett for. Nokre menneske har ikkje mot, dei er mot.Når nokon alltid er mot det som er nytt uvant eller annleis er det klart kreativitetsdrepande.

Men han har også fått ein annan tanke om dei som er mot. Kanskje dei ikkje er invitert til å vere med ?

Sjølv om forfattaren Tor Jonsson var den fyrste som beskreiv bygdedyret i Lom, er eg glad for at det no er tilstades i så lite omfang at det er havna på raudlista som spesielt sårbar art. Det beste hadde vore å fått det på svartelista som uønska art i faunaen.

Men bygdedyret finn ein nok i alle lokalsamfunn. Ja kanskje endåtil i byar.

Bybygdedyret skal ein heller ikkje kimsa av.

Homørbonden har møtt bygdedyret i dei fleste norske bygder som han har vitja. Du skal ikkje tru du er noko sjølv om du har fått ein idè, eller vi veit noko om deg…..

Å så tvil er bygdedyret sitt sterkaste våpen.

I dag utdannar Styve 15 nye oppmuntringsagentar i Lom.

Ingen ting gjev eit menneske meir energi enn annerkjenning frå andre. Det syter for at motet spreier seg nesten automatisk. Bruk orda ja og… så ofte du kan.

Det kjem alltid ei tid i etterkant da idear kan foredlast.

Men fyrst må dei få lov til å fødast levande.

Vist 567 gonger. Følgt av 2 personar.
Annonse