Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på gdpuls.no (måndag 25. januar 2010). Les mer om roperten…

Det norske kravsamfunnet

John F.Kennedy sa i sin kjente tale frå 1961 : ask not what your country can do for you, ask what you can do for your country. Noko av den same kjensla fekk eg av å delta på dei skandinaviske dagane 2010 i Amsterdam denne helga.

Der var langt mellom dei som gjekk rundt kravde noko.

2100 personar eller 800 familiar vitja messeområdet. Av desse hadde ein stor del bestemt seg for å flytte til Noreg. Dei berre leita etter den rette staden. Der dei kunne etablere seg å skapa noko. Bli ein del av eit lokalsamfunn. Å få tilgang til dei kvalitetar som fanst der.

På Lom og Lesja sin stand var det stor pågang heile dagen.

Kva kan Lom og Nord-Gudbrandsdalen tilby familiar frå Nederland ? Det er eit spørsmål eg har sett at fleire stiller seg. Ein kan svara med eit anna historisk sitat :I have nothing to offer but blood, toil, tears and sweat. Winston Churchill 1940.

For vi har ikkje meir å tilby folk frå Nederland enn det vi tilbyr utfløtte lomværar. Eller andre som vil flytta hit for den saks skuld. Kommunen kan ikkje gje garantiar om jobb eller bustad. Vi kan ikkje eingong lova at grendaskulen skal bestå.

Men det eg opplevde denne helga var veldig lærerikt.

Det å møta mange som ser moglegheiter i Noreg og i Lom. Folk som har engasjement og vilje til å skapa. Folk som har idear om spanande prosjekt og tankar om å etablere næringsverksemd. Det gjer at ei slik reise har ein verdi i seg sjølv.

Ikkje fordi vi ikkje har slike eldsjeler i Lom, for det har vi i aller høgste grad, men meir fordi det her var så mange. Så mange som ville satsa.

Eg meiner at det norske samfunnet dessverre har vorte veldig krav orientert. På nær sagt alle område. Dette skapar ein passiv kultur der ein ventar at meir og meir skal koma av seg sjølv. Eg er ikkje noko unntak i så måte.

Difor var det spanande å lese eit intervju med min kollega Asgeir Almås i dag. Han vart som ein dyktig ordførar i Hattfjelldal landskjent i samband med Terra saka. Han opplevde unge journalistar i riksmedia som var meir opptatt av å konkurrere med kvarandre, enn å forstå kva som hadde skjedd. Og som på førehand hadde bestemt seg for å latterleggjere bygda, bygdetullingane. Almås opplevde da at denne vinklinga samla Hattfjelldølingan. Det vart dei mot resten. Mot Akersgata i Oslo. Stemninga snudde frå krav til deltaking i bygda. Folk stilte på dugnad. Og samla seg i at dette skulle dei klare uansett.

-Ordet krav er det verste jeg vet, seier tidlegare leiar i Røde Kors Astrid Nøklebye Heiberg. -Det er garantert ett taperord. Får du ikke det du har krav på, har du all mulig grunn til å vere sint. Og får du det det, har du ingen grunn til å vere glad – dette var jo bare det du hadde krav på.

Det er viktigare enn nokon gong for bygdenoreg og trekke til seg engasjerte innbyggarar. Det handlar ikkje berre om negativ folketalsutvikling og demokrafiske skjevheiter i befolkninga. Vi treng fleire gründerar. Entreprenørar og fornyande krefter til lokalsamfunna våre. Om dei eigentleg er frå Tyskland, Nederland, Sao Paulo, Quatar, Skåbu eller Garmo er mindre viktig.

Nedanfor kjem nokre bilete fra Amsterdam. Kommenter gjerne innlegget mitt.

Lang bilkø frå messa opna til den stengde

Fullt på standen vår

Hallingdal var hjarteleg tilstades

Kommentarar

Det er vel og bra at ein prøvar å dra nye folk til utkantane. men først må ein få dei som allereie er her til å blomstre,la dei bli gode ambassadørar for heimstaden sin. Sjølvsagt må det finnast ledige husrom(ingen kan bu i telt) og barnehageplass til dei som vurderar å flytte hit.. Arbeid kan dei kanskje klare å skaffe seg sjølve.
Den jobben som de på Bjørgen gjorde i går for ungane i Garmo(la til rette for aking setervegen) var eit tiltak som dei heilt sikkert sette pris på og som dei sikkert kjem til å ha som eit godt minne frå Garmo og Lom.

Tusen takk for nyttig kommentar.

Inneværande år er det ledig kapasitet ved alle barnehagane i Lom. Det vert også arbeidt med å etablere ein privat natur/gardsbarnehage. I Garmo kan det vidare leggjast til rette for utviding om behovet skulle tilseia det. Søknadsfristen for neste år går ut 15 februar. Det er vanskeleg å si noko nøyaktig før alle søknadane kjem inn.

Når det gjeld bustader er det noko ledig kapasitet, men vi ynskjer oss tips om aktuelle bustader som kan leigast ut. Vi veit at det står ein god del ledige hus rundt om i bygda, som med enkle grep kunne vore leigd ut.

Eg møter dagleg mange gode ambassadørar både for Garmo, Lom og regionen vår. Alle er nok ikkje like nøgde alltid, men ein skal hugsa at det også kan vere ulike årsakar til det.

Helsing Simen

Ja det er flott du bruker ord fra en av de største Liberalere i historien :) hehehehe Bra blogg foresten, me like

Annonse