Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på gdpuls.no (søndag 31. januar 2010). Les mer om roperten…

Smådøla

Det er ikkje mange stader i Noregs land at det frå naturen sin side ligg betre til rette for å gjennomføre ei skånsam kraftutbygging enn det AS Eidefoss no har lagt fram planar om for Smådøla. Kommunestyret i Lom gjekk sist torsdag samrøystes inn for planane.

Verksemda til Eidefoss, som for ein stor del består seg av å framskaffe og formidle rein fornybar energi, av vatn som er den mest høgverdige energikjelda av alle. Bedrifta betyr mykje for kommunane i regionen.

Smådøla i juni 2006

Når det gjeld Smådøla handlar det mest om å setja naturen i arbeid.

Smådøla er på ingen måte ei urørt elv. Etter overføringa av Veo med tunnel slik at den renn ut i Smådalen, har Smådøla også vorte påverka. Difor meiner eg det ligg særleg godt til rette for ei utbygging her.

Energiproduksjon kan ikkje skje utan naturinngrep, men i dette tilfellet skjer det på ein svært skånsam måte.

Lom kommune har vore gjennom krevjande forhandlingar om vilkåra, og Eidefoss har synt stor forståing for at en del av verdiskapinga også skal liggje att i det berørte lokalsamfunnet.

Eidefoss har gjennom heile prosessen lagt stor vekt på at dette skal bli ei miljømessig mønsterutbygging. Men det inneber langt meir enn at anlegget for ein stor del blir lagt i fjell. Men berre det er eit enkelttiltak som representerer ei tilleggsutgift på om lag 15 millionar, kontra eit anlegg som ville vorte liggjande synleg Vidare er det lagt inn i utbyggingsavtalen at både strøm og telefonkabelen som går parallelt ved Tesse skal leggjast i kabel. Det vil bli ei estetisk opprusting av heile området, men det kostar Eidefoss om lag 3, 0 mill i riving og kabling. Vidare vil sætervegen bli kraftig forbetra ved at ein kan nytta overskotsmasse til forbetring av veg, også dette er eit kostnadskrevjande tiltak. Vidare ligg det inne ein god del andre tiltak som også vil koste pengar, både etablering av naturstig, plastring av Smådøla for å førebygge erosjon. Alt er viktig miljømessig.

Lom kommune vil gjennom dei garantiar Eidefoss og andre lovbestemte ordningar få ei årleg meirinntekt på om lag 2,0 mill. Dette er eit høgt tal, også jamført med likande utbyggingar.

I tillegg har vi gjennom forhandlinganes siste fase fått på plass eit næringsfond på 8,0 mill.

I sum må Lom kommune vere godt nøgd med denne avtalen, og eg har opplevd styret og administrasjonen i Eidefoss som ryddige og profesjonelle i forhandlingane. Båe partar har god grunn til å vere nøgde med den avtalen.

Ein ting eg er glad for å som har kome tydeleg fram gjennom forhandlingane, er at eg ikkje lenger sit i styret i selskapet.

Hadde eg framleis gjort det ville eg i ei rekke spørsmål hamna i eit habilitetsmessig uføre.

Annonse