| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på gdpuls.no (onsdag 10. februar 2010). Les mer om roperten… -Dei stigande forventningars missnøyeI dag har Kommunenes sentralforbund i Innlandet sin årlege strategi konferanse på Lillehammer. Finansminister Sigbjørn Johnsen har nettopp hatt eit godt innlegg om den økonomiske situasjonen i landet. Sjølv nytta eg høvet til å få ein prat med han om dei komande jordbruksforhandlingane. Finansministeren var også inne på at dei fleste har det veldig godt i Noreg, Vi har ein rikdom som gjer at dei fleste land i verden ville bytta med Noreg. Eit barn på Lillehammer og i Malawi har like menneskelege føresetnadar medan dei er i mors liv. Når dei vert fødd forandrar utgangspunktet seg dramatisk. I Noreg er den gjennomsnittlege levealder snart 90 år. I Malawi kan ein rekne med å leve til ein er 37 år. Vår rikdom gjev andre typar utfordringar og Johnsen brukar begrepet dei stigande forventningars missnøye. Vi vert meir og meir prega av enkeltsakssolidariteten med oss sjølve, enn fellesskapssolidariteten med grupper som treng eit løft. Dette får stå som eit tankekors før regjeringa samlar seg til budsjettforhandlingar på Hadeland, om godt og vel ein månad. Om jordbruksoppgjeret seier Johnsen han har ikkje noko imot å løfte inntektene til bøndene, under føresetnad av at det kan kuttes i andre poster på Statsbudsjettet. Det er duka for tøffe tak i politikken framover. Annonse | ||
Kommentarar
Kunne vært interessant å høre om du har noen forslag til kuttposter da Simen, for jeg tar for god fisk at du ønsker et inntektsløft for bøndene?
Ja det kan du vere sikker på at eg ynskjer. Inntektsløft for bøndene altså. Samstundes forstår eg at ein i dagens økonomiske situasjon må kutte andre stader i budsjettet. Kommunestrukturen kanskje ?
Bra Simen. Det er mat vi lever av alle, men når vi skal ta frå andre blir det sjølsagt tøffe tak. Det hadde kanskje vore på tide men eit 0 oppgjør for vanlig arbeidstakere slik at vi hadde hatt ein sjans om å komme etter. Trur ikkje samfunnet har vondt av ei pause fra voksesmertene.