| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på gdpuls.no (mandag 8. mars). Les mer om roperten… Betre økonomi i kommunaneEi ny undersøking viser at kommunane betra driftsresultata sine i fjor. – Sjølv om økonomien vart styrka i 2009, veit vi at situasjonen er ulik i ulike kommunar, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.
- Resultatet er ei klar styrking frå 2008 og syner at den økonomiske situasjonen i kommunesektoren er blitt betre, seier Navarsete. Dette kjem fram i ei pressemelding som departementet no har sendt ut For Lom kommune er dessverre ikkje situasjonen så god som statsråden beskriv.
Den viktigaste årsaken er nedgang i folketalet for 2008, som påverkar overføringane betydeleg. På den gode sida kan vi melde om vekst i folketalet i 2009. Regjeringa har også lagt fram eit nytt kommuneøonomiopplegg, som premierer kommunar som er noko større enn Lom kommune (Sørheimutvalget). Vidare er det noko inntektsbortfall på kraftrelaterte inntekter. Dette vonar vi skal forbetrast framover. I sum er Lom ei kommune med god styring på økonomien, takka være ein dyktig administrasjon og godt arbeid frå det kommunale budsjettutvalget. Annonse | ||