Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på gdpuls.no (søndag 11. april 2010). Les mer om roperten…

Strømprisar, vær og sex

Presten og forfattaren Per Arne Dahl teiknar i boka Livet vil oss noe, eit bilete av norske tabloid aviser sitt fokus. Dette er ikkje berre ein tematikk som hjelper på avissalet. Han meiner også det er betegnande for det norske samfunnet.

I boka, som eg vil anbefale, er han på leiting etter det som skapar og det som øydelegg liv.

Vi lever i verdens rikaste land, og vi er også i front når det gjeld levestandard og nasjonal rikdom. Vi har politikarar og media som alltid er ute etter å bekrefte syting og missnøye. Det vert ikkje formidla mange teikn til takksemd, glede og stoltheit over det å faktisk kunne leve i Noreg,

Det meste er ei sjølvfølgje, Vi er i ferd med å bli ein bortskjemt nasjon av sytete kvinner og menn. Med stadig grådigare forventningar. Og medan vi er opptatt med å klaga, døyr samstundes det beste i oss.

Det er nok til alle, bruk meir oljepengar seier FrP. Det fremste populistpartiet vi kjenner. Men populismen finnes også blant lokalpolitikarane. Det er mange som elskar å klø folk i øyra med haldningar som dei helst vil høyre. Populismen er kanskje vår tids desidert største utfordring.

Kva politisk parti er opptatt av nøysemd og måtehald? Ingen ….
Rart sidan dei som har mest, også får mest å ergre seg over.

Dahl meiner og at velferdsstaten har gjort oss om til passive mottakarar som likar å prate om rettar og krav, men som hatar å prate om det som krevst av oss. Media følgjer opp.

Jan Vincents Johannesen har skrivi boka Kunsten å leve. Den handlar ikkje berre om å leve, men minst like mykje om å tilføra andre liv. Han formidlar skilnaden mellom suksess og lukke.

Suksess er å kunne kjøpe alt ein ynskjer seg. Det har lite med lukke å gjera.

Lukke er å vere glad for det ein faktisk har.

Olav Aukrust skreiv i 1924 diktet Norske terningar.
Det startar slik:

Lat oss leike med Norske terningar -
Norske gullterningar er til !
Lat det merkast i ord og gjerningar
kva me nyvekte kan og vil.

I Noreg har vi stort sett alt alle andre land i verden ynskjer seg. Det har ikkje gjort oss til eit lukkelegare folk. Snarare tvert i mot.

Kronisk missnøye tappar livskrafta ut av oss.
All utakksemda drep gleda over å leva.

Eige liv er ikkje nok til å gje livet meining. Kanskje må vi strekkje oss, (langt) ut over oss sjølve. Finne stadar vi kan investere vår medmenneskelegheit i staden for materiell kapital.

Kanskje blir vi da rikare både som menneske og nasjon ?

Annonse