| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på gdpuls.no (søndag 13. juni 2010). Les mer om roperten… Distriktspolitiske satsingsområdeAttraktive regionsentra og tettstader er i dag ein viktig føresetnad for bulyst. Det er difor viktig med auka statlege verkemidlar til regionsenter og tettstadsutvikling. Det må bli meir målretta og klårare som ei statleg prioritering enn det som er tilfelle i dag. Godt utbygde helsetenester i distrikta med desentralisering av spesialisthelsefunksjonar der det er fagleg forsvarleg er viktig. Den aukande satsinga på distriktsmedisinske eller lokalmedisinske sentra er eit viktig bidra for å nå målet om likeverdige helsetilbod over heile landet. Behovet for risikokapital, investeringsfond og regionale næringsfond er viktig i ein region som Nord Gudbrandsdal der næringslivet er prega av små verksemder med låg eigenkapital. Å styrke statleg innsats overfor reiselivet, både med administrative ressursar og økonomiske overføringar, er viktige brikker i en samla næringsstrategi. Arbeidet for å styrke natur- og kulturbasert næringsutvikling bør stå sentralt. Næringsutvikling knytt til nasjonalparkane og randsonene er både eit spanande og viktig satsningsområde. Annonse | ||