Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på gdpuls.no (laurdag 19. juni 2010). Les mer om roperten…

Lom - gjestfritt og nyskapande

Gjestfritt og nyskapande er visjonen for Lom som kommunestyret vedtok i 2007. Dette i samband med godkjenning av ny kommuneplan som skal gjelde fram til 2020.

Planen er eit styringsdokument for kommunen som samfunnsaktør, og samstundes ei rettesnor for drift av den kommunale verksemda.

Gjestfri og nyskapande. Desse begrepa samanfattar etter mitt syn dei viktigaste føresettnadane for at utviklinga av framtidsbygda Lom skal god.

- Gjestfridomen skal omfatte alle
- Gjestfridommen skal koma til syne både i ord, tenking og handling
- Gjestfridom betyr at du skal møtast på ei open, inkluderande og respektfull måte i Lom

Vi treng nyskapande tenking og nyskapande haldningar. Vi kan ikkje basere utviklinga framover på at alt skal vere som det alltid har vore. Trivsel, lokal kultur og historie og naturkvalitetar vil danne grunnmuren for spanande nyskapande arbeid framover.

Og mulegheitene er store. Fleire nye næringsprosjekt har dei seinare åra sett dagens ljos i Lom. Mykje av dette har ikkje vore gjort tidlegare i Noreg. Mykje er eineståande i sitt slag, og mange dyktige innbyggarar og samarbeidspartar gjer denne spanande utviklinga mogleg.

Men vi har også store utfordringar. Presset på den viktigaste næringa, jordbruket, er betydeleg. Det sama kan seiast om folketalet.

Difor treng vi møteplassar for å bevistgjere både oss sjølve, men ikkje minst dei mange tilreisande på alt det fantastiske Lom har og by på.

Fjordingsmartnaen er eit av dei viktigaste utstillingsglasa vi har.

Fjordingsmartnaen representerer både det gjesfri og nyskapande på ein gong.

Eg er svært stolt over dette arrangementet og gler meg til å møte mange nye innspel på Lom kommune sin stand under martnan no i år.

Annonse