| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff, Fjordaglimt og gdpuls.no (søndag 20. juni 2010). Les mer om roperten… Klimapark 2469Tysdag opnar verdens fyrste isgrotte i sitt slag ved Juvfonna i nærleiken av Jotunheimen nasjonalpark. Visjonen er å skapa eit internasjonalt leiande område for publikumstilrettelagt klimaobservasjon. Vi har altså laga ein istunnel inn i Juvfonna. Fyrste byggesteg, som går over 30 meter inn i fonna, er no ferdig. Dette blir ein unik og spektakulær arena for forsking læring og næring. Nordens fremste iskunstnar Peder Istad har teikna tunnelen og romma. Han har også laga utstillingane og sett eit unikt ljos på det heile. ![]() Her eit bilete av Isrosa som han laga i 2007 som ei folkegåve i samband med Kong Harald sin 70 års dag. Alt er miljøvennleg og drive av solceller. Her kan forskarar studere klimahistorie, born/unge og andre som vitjar tunnelen kan lære og dette blir ein attraksjon heilt utanom det vanlege. Klimapark 2469 handlar om både fortid og framtid på Noregs tak. Fortid, fordi vi treng eit arkeologisk sikringsprogram for å sikre unike funn som på grunn av global oppvarming smeltar fram frå fortida. Framtid, fordi ei lang rekkje nasjonale fagmiljø vil etablere ein forskings og formidlingsarena gjennom Klimapark 2469. Her er link til ein folder som forklarar det viktigaste om klimaparksatsinga. Annonse | ||