Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på gdpuls.no (måndag 28. juni 2010). Les mer om roperten…

Nei til samkommunen

Kommunal og Regionaldepartementet har sendt eit framlegg om å lovfeste samkommunemodellen ut på høyring hjå kommunane. Eg er svært skeptisk til denne modellen, og vil i dette innlegget gjere nærare greie for dei viktigaste ankepunkta.

Ei lovfesting vil bety det same som ei politisk anbefaling av modellen. Dette vil vere med å svekke lokaldemokratiet, da samkommunen ikkje er eit direkte folkevalt organ slik kommunestyret er. Kommunane har alt i dag eit reiskap for å løyse interkommunale fellesoppgåver gjennom regionråd og andre felles samarbeidstiltak. Dette fungerar i mange høve svært godt, slik regionrådet for Nord Gudbrandsdal er eit godt døme på.

Samkommunen kan også bli eit nytt hinder mot kommunesamanslåing. Det er svært uheldig, da mange kommunar vil oppleve samkommunen som eit nytt nivå mellom interkommunalt samarbeid og samanslåing. Eg meiner at dersom kommunane har kome så langt i sitt interkommunale samarbeid, at dei vurderer ei samkommune, bør dei heller slå seg saman til ei kommune.

Ein samkommune vil altså representere eit nytt fjerde forvaltningsnivå. Det vil føre med seg styringsutfordringar og ei meir komplisert forvaltning for innbyggarane. Eit nytt organ med avgjerdsmynde vil også tappa dei valte organ i kommunane for oppgåver, og på sikt vil kommunestyra bli mindre viktige. Dette skapar ein totalt uoversiktleg situasjon og problem for økonomi og budsjettrutiner, kontroll, delegasjon og tilsynsrutiner.

Det er heilt klart at samanslåing er langt betre enn samkommunen. Ved samanslåing oppnår ein klårare styrings og rapporteringslinjer til eit direkte folkevalt organ.

Kommunal rapport kan da også melde at hovudstyret i Kommunanes sentralforbund seier klart nei til samkommunemodellen. Det er eit viktig signal til departementet, som eg vonar det vert teke omsyn til i det vidare arbeidet.

Departementet bør i staden stille seg spørsmålet om dagens kommunestruktur er framtidsretta. Kommunar som har ynskje om å setja i gang vurderingar av moglege strukturendringar bør oppmuntrast og støttast.

Ein kommunestruktur, som i mange høve har vore uendra sidan vi køyrde med hest og kjerre og brukte røyksignal til kommunikasjon, er sjølvsagt umoderne i dag. Tenknologiutviklinga opnar nye moglegheiter for å gjere arbeidsoppgåvene både betre og smartare.

Difor vonar eg på fleire konstruktive prosessar som ser på fordelar og ulemper med samanslåing framover. I mitt eige parti er det fleire gode døme på ordførarar som har teke framtidsretta grep for å sikra innbyggarane sine interesser inn i framtida. Håpet er at vi får sjå enda fleire slike prosessar også i Oppland.

Annonse