| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på gdpuls.no (onsdag 30. juni 2010). Les mer om roperten… Samling av regional næringskompetanseNord Gudbrandsdalen har unike moglegheiter for kreativ næringsutvikling framover. Det fordrar at kommunane evner å sjå ut over kommunegrenser, slik næringslivet har lang og god tradisjon og erfaring med å gjere. Diskusjonane om næringsutviklingsarbeidet har godt friskt i politiske og administrative organ i regionen dei siste månadane, etter at Lom kommunestyre tok eit nytt initiativ til ein regional prosess for eit tettare samarbeid om næringsutvikling. Dette vart gjort med bakgrunn i at næringsutvikling er utpeikt som eit hovedsatsingsområde for det regionale samarbeidet. Intensjonen frå Lom kommunestyre må tolkast som eit ynskje om å få den fragmenterte organiseringa av regional næringsutvikling, inn på eit meir samhandlingsorientert spor. Det er viktig å samla kompetanse, også innan dette området. Konklusjonane frå dei fleste kommunane ser førebles ut til å lande på status quo. Eigne kommunale fyrstelinjetenester utan naudsynt og målretta regional koordinering og spesialisering. Formannskapet i Lom, har seinare, med all tydelegheit, gjeve utrykk for at vi ikkje er samde i denne konklusjonen som fleirtalet har samla seg om. Regionkontoret må sjølvsagt vere eit naturleg nav og kompetansemotor i næringsutviklingsarbeidet, sidan dette alt er utpeikt som eit særskilt satsingsområde, og miljøet har stor tillit i næringslivet i regionen. Det er også her det har vore satsa på å utvikle felles regional kompetanse. Ei vidare spesialisering av dette miljøet på Otta, med konkrete bidrag frå alle 6 deltakarkommunane og regionalt næringsliv, vil vere ein framtidsretta veg å gå. Dette opnar også moglegheiter for eit tettare samarbeid med private aktørar som tilbyr konsulenttenester innanfor næringsutviklingsområdet i regionen. Nord Gudbrandsdalen kan i røynda delast inn i ein, eller i høgda to, felles bu, arbeids og serviceregionar. Ei bedrift som skapar nye arbeidsplassar på Otta, er viktig for både Vågå og Lesja. Og omvendt. Arbeidspendlinga mellom dei ulike kommunane i regionen er stor. Telemarksforskning dokumenterar da også dette i sine næringsanalyser. Dette er nokre grunnar til at det er viktig å følgje opp saka vidare. Annonse | ||