Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på gdpuls.no (torsdag 1. juli 2010). Les mer om roperten…

Klimacamp i Jotunheimen

Nasjonalparkriket Natur og Ungdom og Ungdommens fylkesting i Oppland arrangerer 12- 15 august Klimacamp2010.

Statssekretær i Miljøverndepartementet Heidi Sørensen skal på Klimacamp i Jotunheimen


Det blir stor lokal, nasjonal og internasjonal deltaking frå ungdom mellom 16-25 år.
Kjende og profilerte personar innan politikk, miljøvern og offentleg liv har også varsla interesse for å delta.

I spissen for desse statssekretær Heidi Sørensen i Miljøverndepartementet.

Klimacampen er ein del av eit demokratiprosjekt i regi av Aktiv Ungdom. Ungdom fra fleire land set kvarandre i stemne for å diskutere klimautfordringar. Leiande nasjonale forskarar innan klima, vegetasjon, permafrost, meteorologi og arkeologi vil ta dei besøkjande med i felt for at dei med sjølvsyn kan sjå endringane som skjer i naturen. Det vert også høve til å besøke istunnelen i Klimaparken.

Alt skjer i eit nært samarbeid med Norsk Fjellmuseum og Klimapark 2469.

Annonse