Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på gdpuls.no og Mjøsby (onsdag 9. mars 2011). Les mer om roperten…

Klimapark 2469

Knapt nokon del av utviklingsarbeidet i Lom dei siste åra har fått så mykje (velfortent) merksemd som Klimapark 2469. Mange gode samhandlingspartar har delteke i ei kreativ utviklingsfase. Oppland Fylkeskommune har vore den mest sentrale.

Medieoppslaga har vore mange, og det er tydeleg at det er stor interesse både nasjonalt og internasjonalt for tema. Det er også gledeleg å sjå at sentrale politikarar innan Regjeringa og Stortinget syner interesse for satsinga.

Her kan du sjå filmar frå Klimaparken

Det siste store nyhende er at 5 leiiande fagmiljø innan klimaforskning i Noreg har laga ei erklæring der dei gjer det klart at dei ynskjer å vere med å etablere Klimaparken som eit nasjonalt forskningsområde for klimaendringar.

Arbeidet går no over frå ei utviklingsfase til ei etableringsfase. Oppland Fylkeskommune har i samband med dette utpeikt eit interimstyre med fylgjande samansetning :

Frode Sannum (leiar), rådgjevar, Oppland fylkeskommune
Simen Bjørgen, ordførar, Lom kommune
Terje Thon, sjølvstendig næringsdrivande, styremedlem Norsk Fjellmuseum
Ane Tonette Lognseth, juridisk rådgiver, Hedmark fylkeskommune
Rune Strand Ødegård, førstemanuensis, Høgskolen i Gjøvik
Tove Gulbrandsen, daglig leder, Odal Næringshage

Når arbeidet i interimstyret er avslutta innan utgangen av juni 2011, skal aksjeselskapet Klimapark 2469 være etablert og det faste styret i funksjon. Det skal og vere skaffa finansiering for drift i heile året 2011. Samstundes som dei planagde aktivitetane i 2011 skal vere gjennomført etter planane, til det faste styret er i funksjon. Ein tek også mål av seg til å inngå finansielle samarbeidsavtaler med minst to private selskap/bedrifter.

Det blir eit spanande arbeid i interimstyret, og eg oppmodar deg til å ta kontakt om du har innspel eller tankar og arbeidet vidare.

Vist 319 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse