| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på gdpuls.no og Mjøsby (søndag 13. mars 2011). Les mer om roperten… Prøvestein for Borten MoeRevisjon av vilkåra for eldre vasskraftutbyggingar kan bli ein av dei fyrste prøvestein for den nye statsråden i OED, Ola Borten Moe. Revisjonen av Tesse i Lom er ei av dei fyrste sakene som ligg klar til politisk avgjerd på statsrådens bord. I år markerer vi at det er 20 år sidan konsesjonen på Tesse gjekk ut. Utbygginga som skjedde under krigen, fekk konsesjon i 1941. Den tida var det naturleg nok eit heilt anna regime som la føringar. Miljøstandard var eit begrep som knapt var oppfunne. Tesse har betalt ei høg rekning i ventetida. Resultatet frå Tesse er tydeleg på biletserien nedanfor.
Lom kommune fremja mellom anna krav om nye miljøstandardar i 1991. Saka er trenert av fleire statsrådar frå ulike parti. Og dette gjeld ikkje berre Tesse. Eit stort tal andre utbyggingar skjedde og i denne perioden,under og etter krigen. Revisjonen som kan skje etter 50 år gjeld mange utbyggingar. Det som skjer på Tesse er akkurat det same som skjer i mange andre vasskraftmagasin i landet. Alle berørte miljø, inkludert kraftbransjen sjølv, er samde i at forvaltninga si sakshandsamingstid i revisjonssakene er ei skandale. Lom har i 20 år møtt motstand i kravet om miljøforbetringar. Når eg såg nærare på korleis dette kunne ha seg, fann eg berre eit svar. Samspelet mellom eit motvillig forvaltningssystem med NVE i spissen, og ein samla kraftbransje. Dette dannar ein mur mot berørte kommunar og grunneigarar som ynskjer å modernisere gamle reguleringar i tråd med dagens miljøsyn. Både forvaltninga og kraftbransjen burde sjå seg tent med å rydde opp, for å legge til rette for vidare utbygging av ny fornybar energi – som vasskrafta er. Her har Ola Borten Moe ei unik moglegheit til å syne politisk handlekraft. Eg vonar han nyttar moglegheita.
Vist 457 gonger. Følgt av 1 person. Annonse | ||