| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på gdpuls.no og Mjøsby (fredag 18. mars 2011). Les mer om roperten… Innlegg på landsmøte
Gode landsmøte
Fordi miljø- og distriktshensyn ikkje blir høyrt, har 173 kommuner – saman med miljørøyrsla, klaga Regjeringa inn for ESA. Dette er fordi revisjonar av eldre vasskraftutbyggingar ikkje skjer i tråd med EUs vanndirektiv. Sakshandsamingstida for Tesse i Lom, har no passert 20 år. Hadde dette skjedd i ei kommune ville myndigheitene grepe inn. Slik er det ikkje for Staten. Lom og mange andre distriktskommunar sin verdifulle natur vert i dag utnytta til kraftproduksjon, og den økonomiske verdien av dette aukar i takt med etterspurnaden etter energi. Men, vertskommunane, som har investert naturverdier i vasskraftproduksjon – får ikkje del i den aukande fortenesta som ressursane skaper. Kraftverkselskapa går med rekordfortjeneste, men på grunn av makstakordningen vert den økonomiske verdien av våre naturressursar overført til bykommunar og staten. Lom tapar kvart år meir enn 1 mill kroner i eigedomsskatt på dei kraftverka som ligg i Lom, på grunn av ein regel, maksimumstak på eiendomsskatten. Regelen har ikkje lenger noko mening, og 200 distriktskommuner taper på ordninga. Om vi hadde hatt same eiendomsskatt på desse anlegga som alle andre kommunar har på si næringsverksemd, ville vi – for å bruke statens eige språk – utnytta vårt inntektsgrunnlag. For det viktigaste inntektsgrunnlaget vi har er verdifulle naturressursar. MEN DA MÅ VI FÅ LOV TIL Å UTNYTTE DEI TIL VERDISKAPING OG VEKST Den danske diktaren Piet Hein sa det slik Miljøulempene i regulerte vassdrag aukar år for år. Mange gamle kraftverk har ikkje miljøvilkår og skadane er store. Tesse var til dømes utbygd under krigen. Når nokon pratar om Noreg som Europas grøne batteri med effektkjøring i magasiner og elver, betyr det at vår vassdragsnatur skal betale en enda høgare pris. Vi har betalt nok, nå må det først prioriterast å rette opp de gamle skadane. Regjeringa leverte i 2008 den første revisjonssaken i Vinstravassdraget. Her vart produsentomsyn einsidig vektlagt på bekostning av miljø- og distriktsomsyn. Eg er redd konsekvensane for dei 340 vassdragskonsesjonene som skal opp til revisjon de neste ti årene. Revisjonar er det kommende tiårets store miljøsak for elvene våre! Grøne sertifikat og fornybardirektivet skaper nye mål for ny fornybar energiproduksjon. Skal vi få realisert dette potensialet må vi spela på lag med distrikta. Krava er klåre: Vasskraftproduksjonen må være miljømessig akseptabel, og da må det ryddast opp i gamle synder. Og vi som bidrar med våre naturressursar til fordel for kraftproduksjon og storsamfunnet må få vår rettmessige andel av den verdiskapningen vi bidrar til. Følg med på landsmøteforhandlingane her
Vist 267 gonger. Følgt av 1 person. Annonse | ||