Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på gdpuls.no og Mjøsby (laurdag 19. mars 2011). Les mer om roperten…

Rett mann i AP

Göran Person talar no på toppkandidatsamling i Oppland AP. Eg har hørt han fleire gonger tidlegare. Det han har vore opptatt av er rett og slett rein Senterpartipolitikk. Vonar toppkandidatane i AP tek godt imot innspela han kjem med.

Her er nokre retoriske poeng frå hans foredrag på Lillehammer 24 oktober 2008.

Rein luft, god jord og vatn er dei grunnleggende forutsetninger for alle samfunn.

Den moderne økonomien er ikkje annleis enn andre økonomier, den krev folk i arbeid.

Det som er avgjerande er korleis vi nyttar våre felles ressurser. Kvar inneffektivt brukt skattekrone er eit slag mot fattigdommen. Kvar skattekrone må brukast effektivt. Er kvar ansatt i offentleg sektor effektivt utnytta. Det spørsmålet må politikarane stille seg oftare og oftare. Høg skatt gjev bidrag til høg økonomisk vekst.

Den nordiske modellen bygger på at så mange som mogleg skal arbeide. Det finnst ikkje noko viktigare å byggje landet på. Sjølv med ny teknologi, er så mange som mogleg i arbeid, eit tegn på eit framgangsrikt samfunn.

Vi lever i ein del av verden der vi blir færre. Vi blir færre og eldre. Vi må lykkast i å lokke til oss innvandrarar. Vi vil i framtida konkurrere om ei global arbeidskraft. Lillehammer skal konkurrere med London. Vinn Lillehammer den kampen ? Den nordre halvkule i verden gråner og vil mangle arbeidskraft. Vi står overfor ein befolkningsnedgang. Korleis skal vi løyse det ? Mindre velferd eller meir velferd. Den nordiske modellen er den beste til å handtere demografiske utfordringer.

Samfunn som kombinerer ei profesjonell karriere med heim og familie er viktig.

Moderne familiepolitikk må byggjast på likestilling mellom mann og kvinne. Kvinner set ikkje barn til verden med mindre det kan kombinerast med ei profesjonell karriere. Generøse offentlege vilkår for unge familiar er avgjerande.

Arbeidskraft som arbeider eit år ekstra veit nøyaktig kva den skal gjere. Den slepp å leite etter nøkler og spørja kva den skal gjere. Det er den mest produktive arbeidskrafta som vi har. 1 år ekstra i arbeidslivet betyr mykje.

Pensjonssystemet i Norden er bedre enn andre system. Men systemet bygger på at det finns ei arbeidskraft som evner å holde dei i gang. Det vert vår utfordring framover.

Helse er også produktivt. Ei god helse gjev fleire i arbeid,det gjev meir velferd. Ei frisk befolkning produserer.

Norge treng ei skikkeleg satsing på infrastruktur. Flyet er på tur ut. Det blir dyrt og vanskeleg å frakte med fly. Uten vegar og jernbane er landet vanskeleg stilt. Sjøfart vil også få vanskelege kår. Få prosjekt i Sverige på infrastruktur blir betalt med bompenger. Sverige er bygd på samfunnsøkonomiske analyser ikkje bedriftsøkonomiske. Heile Sverige har jernbane. Det er eit signal om at heile Sverige skal leve. Infrastrukturen bør vere den store bekymringa i Norge.

Det er energi i kvar solstråle, kvar regndråpe og kvart vindkast. Noreg må bli betre til å tnytta fornybar energi. Det må satsast meir på bærekraftige fornybare energikjelder framover.

Vist 424 gonger. Følgt av 2 personar.

Kommentarar

Jeg vil nå si det er arbeiderpartipolitikk jeg, av den enkle grunn at det springer ut av en sosialistisk tankegang, en ideologi.

Dei gongene eg har høyrt han så har han stått veldig langt unna det sosialøkonomiske styresettet Ap ynskjer å praktisera i Noreg,

Annonse