| Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Mjøsby, gdpuls.no, Sognatreff, Oslo og fdpuls (torsdag 28. april 2011) og 2 andre… SkjebnetiderAttgroinga av kulturlandskapet fører mange stader til store endringar i det biologiske mangfaldet. Dei viktigaste grunnane til at dette skjer er rovdyrpolitikken og landbrukspolitikken. Det er jordbruket som gjennom tidene har vore den viktigaste menneskelege påverknadsfaktoren. Aktivt jordbruk med beitedyr har sikra skjøtsel og stell. Difor må husdyrhaldet oppretthaldast og helst aukast monaleg dersom det biologiske mangfaldet skal bevarast og kulturlandskapet oppretthaldast. Ei vidare nedtrapping av jordbruket vil føre til tap av artsmangfald. Jordkloden står også overfor store utfordringar. Vi forventar ein befolkningsvekst som fram til 2050 vil gje oss eit folketal 9 milliardar menneske, mot dagens 6,9 . Berre i Noreg vert vi 1 million fleire i løpet av dei neste 20 åra. Ein større del av befolkninga endrar sine forbruksvanar, noko som fører til auka etterspørsel etter mat. Lønsemd og forbetra inntektsmoglegheiter er grunnlaget for eit aktivt landbruk i heile landet. Dette vil kosta, men eg trur at den norske befolkning er villige til å vere med å ta del i ei framtidsretta investering. Ein ny undersøking viser mellom anna at 8 av 10 nordmenn ynskjer auka matproduksjon i Noreg i takt med aukande folketal. Difor er det grunn til å møta den nye stortingsmeldinga om landbruket og vårens jordbruksoppgjer med optimisme og forventningar. Undersøkingar i delar av kjerneområdet for ulv i Akershus, Østfold og Hedmark utført av NINA syner at eit høgt antal raudlisteartar er i ferd med å gå tapt fordi det tradisjonelle jordbruket vert pressa ut. Frå andre delar av landet varslar Mattilsynet at det kan bli aktuelt å pålegga beitenekt. I staden for å gjere noko med sjølve årsaken krev ein i praksis avvikling av heile beiteområde. Dette er ekspropriasjon av beiteretten – utan erstatning. Varselet fra Mattilsynet er også i strid med prinsipp som vart nedfelt av Høgsterett i den prinsipielle Rendalsdommen. Der vart dyreeigar sitt ansvar for dyrevelferd vurdert opp mot Statens ansvar for å ivareta rovdyrbestanden. Høgsterett fann at Mattilsynets sitt vedtak i Rendalssaken låg utanfor tilsynets kompetanse. Rovdyrpolitikken er ein viktig faktor for landbruket. Partia på Stortinget har no byrja samtalane om eit nytt rovdyrforlik. Alle politikarar må her vise praktisk vilje til å einast om tiltak som kan dempa konfliktane. I praksis er det ikkje noko alternativ til ein ny rovdyr og jordbrukspolitikk.
Vist 584 gonger. Følgt av 3 personar. Annonse | ||
Kommentarar
Vi leser samtidig at tap av sau til til rovdyr ligger på 30-35000 dyr,men så tapes samtidig ett sted mellom 120-135000 sau av andre årsaker en rovdyr.p.g.a.villbeiting uten tillsyn?Hva har de samme saueeierne tenkt å gjøre med det problemet?Vunnede rettsaker ser jeg det referes til,men det hjelper heller ikke det,sauer tapes like fordømt,tross demonstrasjons tog opp og ned Karl-Johansgate.Uvilje mot å ta vare på dyrene sine går gjennom hele næringen.Viser til tafatte forsøk med gjerding bak strøm gjerder,det viser seg at det fungerer hos f.eks Reidar Hansen i Osdalen i Hedmark,men som til tross for sin velykkedhet blir avvist av organisasjoner som en judas,nettopp forde han beviser at det er mulig å berge sauene til tross for at han lever i Norges tetteste bestander av store rovdyr.
Synes da Bjørgen at han blir behandlet med urett,når tingene er som dem er.?
http://www.dt.se/opinion/debatt/1.3067011-inte-utan-vara-rovdjur-