Viser arkivet for november, 2009

Mat må alle ha

Difor må alle land, bidra til auka matproduksjon. Vi må verne om jord eigna for matproduksjon og kunnskapen om korleis maten blir produsert. Noreg kan ikkje basere sitt forbruk på import frå land som treng maten sjølv

Så mykje som 25 % av verdas matproduksjon kan gå tapt dette århundret som følgje av klimaendringar, vassmangel, plantesjukdommar og utarming av jord.

Vi kan altså ikkje løyse klimautfordringane utan å ta omsyn til behovet for ein auka matproduksjon. Derfor er matkrisa en del av klimakrisa.

Klimaendringar er vår tids største utfordring. Samtidig er tilgangen på nok og trygg mat truga i deler av verda. Over ein milliard menneske har i dag for lite mat. For å brødfø verdas folk må matproduksjon auke med 70% innan 2050, ifylgje FNs matvareorganisasjon FAO.

Det er store utfordringar knytt til å produsere nok mat til verdas folk på ein berekraftig og klimavenleg måte. Samtidig med at matproduksjonen må bli meir klimavenleg, må andre sektorar ta større del av klimakutta.

Utviklingsland må få hjelp til å bygge opp ein berekraftig matproduksjon. Verdas rikaste land, samla i G8, vedtok i sommar å auke løyvingane til landbruksbistanden kraftig. Det må også Noreg gjere.

Under klimaforhandlingane i Kyoto vart landbruket gløymt. Det kan ikkje skje på nytt. Mat må på dagsordenen under klimaforhandlingane i København og inkluderast i arbeidet etter toppmøtet. Vi må sjå matkrisa i saman med klimakrisa. Løyser me ikkje desse to i lag, løyser me ikkje nokon av dei.

Fornybar satsing ?

Regjeringa har i dag fått støtte frå finanskomiteen om å pålegge biodiesel ei auka miljøavgift !!! Det er eit stort steg attende for satsinga på fornybare energikjelder. Og for framtidssamfunnet Noreg.

Har i dag, som representant for LVK vore innleiar på Energi 2009. Mitt bodskap til møtelyden var 4 delt.

1. Sett naturen i arbeid
2. Oljeeventyret kan hjelpe oss å skapa eit grønt energi eventyr
3. Vi treng ein heilskapleg politikk for realisering av fornybar energi
4. Energiproduksjon kan ikkje skje utan naturinngrep

Det var ei spesiell oppleving på denne dagen. Vi veit at finanskomiteen på Stortinget har slutta seg til Arbeidarpartiet sitt framlegg om å pålegge biodiesel auka avgift. Torstein Rudihagen beklagar seg, men har ikkje eingong nådd fram med synet i sitt eige parti.

Skal vi i røynda få ein ny heilskapleg satsing på fornybare energikjelder i landet, må også styresmaktene innsjå at slike feilgrep ikkje kan forekoma.

GD meiner på leiarplass at dette er ei dårleg sak for miljøet og regjeringa. Men ei særleg dårleg sak for Arbeidarpartiet. Eg er langt på veg samd i dette.

Vi treng ein ny politikk for å realisere moglegheiter innan fornybar energi. Det er synd viss ikkje den raud grøne Regjeringa vil gje oss denne moglegheita.

SIVA treng power

Nationen kan melda at Riksrevisjonen har granska statsføretaket SIVA. Konklusjonen er at det statlege føretaket skapar for få arbeidsplassar i distrikta. Dei vert og kritisert for at staten kan tapa store pengar. Samstundes vert viktige samfunnsoppgåver forsømt. Dette er ikkje brukbart.

Det er ei kvinne i Noreg som kan snu denne uheldige trenden. Ei som kjenner distriktsnoreg sine utfordringar. Og som har vist ei uvanleg evne til handelkraft og målbevist styring.

Eg meiner at Trond Giske som generalforsamling i statsføretaket bør syta for at det snarast blir utnemnt ny styreleiar i SIVA. Ho bør heita Åslaug Haga.

Lom med i omdømmeprosjekt

I alt 40 kommunar og fylkeskommunar søkte om å få delta i det utlyste omdømmeprosjektet attraktive arbeidsgivere.

8 deltakarane er valgt ut med grunnlag i gode søknader og høge ambisjonar.

KS har oppretta ei eige nettside for satsinga www.ks.no/omdomme som kommunar og fylkeskommunar kan dra nytte av. Det skal vere 4 fagsamlingar der eksterne ressurspersonar og miljø knytt til forskning, profilering av organisasjonar med høg kompetanse vil bidra.

Dette blir både spanande og lærerikt.

Lokaldemokratiet i Lom

Nå skal innbyggarane i Lom få si frå kva dei meiner om lokaldemokratiet i kommunen. Lom har vorte plukka ut blant 90 kommunar for å gjennomføre ein såkalla lokaldemokratiundersøkelse.

Dette er ei utprøving i regi av Kommunenes sentralforbund og Kommunal og Regionaldepartementet

Hensikta er at innbyggarane skal få si sitt om korleis dei meiner lokaldemokratiet fungerer i kommunen.
Kommunestyremedlemmane skal også få besvara ein del spørsmål.

Resultata skal danne grunnlag for demokratiutvikling. På sikt er planane at alle landets kommunar skal få kunne ta del i ein slik undersøkelse.

Eg vonar på stort engasjement kring granskinga i Lom.

Webkamera frå Nasjonalparklandsbyen Lom i dag kl 15.33