Viser arkivet for juli, 2009

Kvinner inn i fjellforvaltninga

Liv Signe Navarsete seier at ho er glad for at Senterpartiet har fått gjennomslag for lokal forvaltning av verneområda. Men det er naudsynt med fleire kvinner i forvaltninga av verneområda.

Eg takksam for Senterpartiet sitt gjennombrot i spørsmålet om lokal forvaltning. Dette styrkjer lokaldemokratiet. Likevel er det ein annan milepæl vi må arbeida med. Det å få langt fleire kvinner inn i forvaltninga av verneområda.

Eg har tidlegare brukt Reinheimen nasjonalpark som eksempel.
Der er det oppretta eit kontaktutval med med to representantar frå kvar av dei 6 berørte kommunane. Alle representantane i Reinheimen er menn.

Slik handtering av viktige likestillingsspørsmål er ikkje bra. Dette er også eit problem som strekkjer seg ut over forvaltninga av Reinheimen. Det manglar likestilling i lokal naturforvaltning. Av 440 deltakarar i lokale referansegrupper er det berre 10,9 % kvinner. Dette har NINA dokumentert i ein rapport.

Bruk og vern av landskap og naturressursar er eit mannsdominert felt. Eit område der norsk likestillingspolitikk er fråverande.

Det er eit stort problem når kvinner ikkje deltek i like stor grad som menn.

Det handlar om rettferd og fridom til å delta. Det handlar om at kvinner, med sine erfaringar, vil kunne tilføre forvaltninga nye idear og verdiar. Og det handlar om at ei slik kjønnsbalanse som NINAs rapport avdekkjer svekkar tilliten til dei valgte organa og dermed legitimiteten til dei vedtak som vert fatta. Studier viser at det utgjer ein viktig forskjell om kvinner deltek eller ikkje.

Nå skal forvaltningsstyret for Breheimen nasjonalpark opprettast. Signal frå departementet tydar på at det er ynskjeleg at kommunane stiller med ordførarane. I dette tilfellet tre menn. Breheimen må få ei god kjønnsbalanse i forvaltningstyret. Det er å håpa at dei tre kommunestyra samrår seg, og sikrar kvinnerepresentasjon gjennom val av sine medlemmar.

Rovviltforliket anno 2004.

Stortingsfleirtalet vedtok i 2004 det såkalla rovviltforliket. Dei partia som gjekk inn for dette forliket var Ap, H, SV, KrF og V.

Det er viktig og hugse dette, i det ordskiftet som no pågår, der politikarar frå ymse parti vimsar rundt og meiner noko om rovdyrpolitikken.

Dette forliket er årsaken til den feilslåtte politikken som vert ført på området. Og grunnen til at folk i rovdyrutsette område slit med dårlegare livskvalitet og at grunnlaget for næringsutvikling i mange delar av distriktsnoreg smuldrar bort.

Sp og Frp røysta imot.

Gjennom dette forliket vart det sett bestandsmål for ulv, bjørn, jerv, gaupe og hekkande kongeørn.

Situasjonen er utåleleg, sidan det mange stader er vanskeleg å dokumentere om bestandsmåla er nådd. Konsekvensane av forliket er mange. Næringstap, attgroing, tap av biologisk mangfald og ikkje minst dårlegare livskvalitet for menneske som bur i rovdyrutsette område.

Korleis ville du likt om ulven luska rundt ditt hushjørne og øydela livsgrunnlaget ?

Bruk av utmarka er ei miljøvennleg form for verdiskaping som også er viktig for å oppretthalde det biologiske mangfaldet. Noreg treng aktive utmarksnæringar for å vareta eit kulturlandskap som er viktig for å utvikle reiseliv som næring i Noreg.

Eg er difor glad for at Senterpartiet meiner at vi må få ei ny rovviltforvalting. Forankra i lokalsamfunna på ein måte som sikrar artsmangfaldet gjennom eit felles internasjonalt ansvar for å forvalte rovviltbestandane.

40.000 nye arbeidsplassar !

Det er energi i kvar solstråle, kvar regndråpe og kvart eit vindkast. Det er energi i skogen og i kulturlandskapet som mange stader gror att. Noreg er faktisk Europas største batteri fordi halvparten av vasskraftreserva på kontinentet ligg her. Det er denne energien vi må bruke meir av. Og som vil skape arbeidsplassar over heile landet.

Målretta satsing på fornybar energi kan gje altså landet 40.000 nye arbeidsplassar. Men dette er sjølvsagt avhengig av at vi får ei regjering etter valet som er villig til å satse tungt på fornybar energi. Dette temaet var ikkje prioritert høgt nok ved dei siste regjeringsforhandlingane på Soria Moria. Gjev valresultatet grunnlag for ei ny “raus” grøn regjering med fornybar ambisjonar, og ei Soria Moria II, må satsinga styrkast.

Eg vonar Noreg framleis vil vere ei energistormakt i verda. Men difor har vi eit stort ansvar for å få pendelen til å svinge frå fossil energi til fornybar energi. Dette er faktisk eit område der EU ligg framfor oss. Og overalt ser vi no at statar og institusjonar satsar på fornybar og alternativ energi. USAs president ynskjer det. Det internasjonale energibyrået ynskjer det. Og Senterpartiet er det partiet i Noreg som er klarast seier at dei ynskjer det.

I eit land som har så store ressursar som Noreg, vil det vere eit svik mot etterkommarane våre å ikkje legge til rette for å ta dei store fornybar ressursane i bruk.

På dette feltet har Senterpartiet sagt seg villige til å bruke opp mot 8 milliardar kroner årleg i åra som kjem. Og det er naudsynt om vi skal nå klimamåla vi sette i klimaforliket.

Då held det ikkje å kjøpe seg avlat i form av klimakontraktar i utlandet.