Viser arkivet for september, 2009

Regjeringa må seie nei til datalagringsdirektivet!

Borgarinitiativet mot EUs datalagringsdirektiv oppmodar regjeringspartias forhandlarar til å seie eit endeleg nei til at datalagringsdirektivet skal bli ein del av norsk lov. Borgarinitiativet følgjer opp bloggstafetten mot datalagringsdirektivet frå i sommar.

Måndag 28.september skal forhandlarane til Ap, SV og SP møtast for å bli einige om regjeringas felles program for den neste fireårsperioden – oppfølgjaren til Soria Moria-erklæringa.

14.juli i år blei bloggstafetten mot datalagringsdirektivet lansert. Over 130 bloggarar oppmoda partia generelt og regjeringa spesielt om å ta stilling til EUs datalagringsdirektiv, og seie eit klart og tydelig nei til at direktivet skal bli norsk lov. I tillegg blei partia oppmoda til å seie ja til om nødvendig å bruke reservasjonsretten i EØS-avtalen for å stanse direktivet.

Av stortingspartia har Venstre og SV programfesta å bruke reservasjonsretten mot direktivet. FrP og SP har landsstyrevedtak om det same. KrF er mot direktivet, men vil sjå konsekvensane av å bruke reservasjonsretten. Høgre er ikkje villig til å bruke reservasjonsretten, medan Ap ikkje har teke stilling til direktivet enno.

Ei rekkje parti utanfor Stortinget, organisasjonar og einskildpersonar har teke klart og tydeleg standpunkt mot datalagringsdirektivet, og oppmodar regjeringa til ikkje å ta direktivet inn i norsk lov. Sidan januar 2008 har det eksistert ulike formar for opprop, e-postaksjonar og Facebook-grupper som alle er motstandarar av datalagringsdirektivet.

I juni 2008 sa to av våre fremste juristar på europarett, Finn Arnesen & Fredrik Sejersted ved senter for europarett UIO), i ein uttale bestilt av IKT-Norge at det ved bruk av reservasjonsrett materielt sett verkar å vere svært beskjedene delar av EØS-avtalens Vedlegg IX som vil bli direkte ”ramma”. Samtidig sa regjeringas eigen personvernkommisjon at dei ikkje kunne støtte ei innføring av direktivet fordi grunnlaget for innføring av direktivet ikkje er tilstrekkeleg dokumentert.

Gjennom bloggstafetten tidlegere i år og Borgarinitiativet no sameiner vi kreftene for å stå sterkare saman. Vi synleggjer ei uvanleg brei politisk allianse for personvern og mot datalagringsdirektivet. Alliansen strekk seg inn i regjeringspartia.

Datalagringsdirektivet er eit angrep på den retten kvar og ein av oss har til å verne vårt privatliv. Personvernet inneber ein rett til å vere i fred frå andre, men og ein rett til å ha kontroll over opplysningar om seg sjølv, særleg opplysningar som vert opplevd som personlege. Etter EMK artikkel 8 blir personvern sett på som ein menneskerett.

Med ein mogleg norsk implementering av Datalagringsdirektivet (direktiv 2006/24/EF), som pålegg tele- og nettselskap å lagre trafikkdata om borgaranes elektroniske kommunikasjon (e-post, sms, telefon, internett) i inntil to år, vil nordmenns personvern bli krenka på det grovaste.

Datalagringsdirektivet blei vedteke av EU 15.mars 2006, men framleis har den norske regjeringa ikkje offisielt teke stilling til om direktivet skal gjerast til norsk lov eller ikkje. Gjennom EØS-avtalen har Noreg ein reservasjonsrett. Denne har aldri før blitt brukt, men så har ein heller aldri stått overfor eit direktiv som representerer ein så stor trussel mot demokratiets grunnleggjande verdiar som det datalagringsdirektivet gjer.

I februar i år blei det klart at EU-direktivet må innførast, etter at EU-domstolen avsa dom i saka Irland hadde reist mot EU-kommisjonen.

Vi som publiserer dette oppropet sluttar oss til “Borgarinitiativet mot EUs datalagringsdirektiv”, og er einige i oppmodinga om å be Ap, SV og SP gjennom regjeringsforhandlingane seie eit klart og tydeleg nei til at EUs datalagringsdirektiv skal bli ein del av norsk lov.

Dølatreff laurdag

Dølatreffen, den 26.09.09.

Dølatreffen 2009 er eit privat initiativ ved Ole Jakop Grauphaugen og Morten Kolobekken. Konseptet er eit årleg arrangement på Chateu Neuf (studentenes kulturhus i Oslo) for Gudbrandsdøler busett i Oslo. Arrangementet er i all hovudsak eit sosialt tiltak med revyinnslag og musikk fra Gudbrandsdalen.

Regionråda i Lillehammer-regionen, Midt-Gudbrandsdalen og Nord-Gudbrandsdalen skal ha stands i samband med arrangementet.

Kvelden får fokus på humor/revyinnslag frå Gudbrandsdalen, konsertar med orkester fra dalen og profilering av dei tre regionane.

Program:

18.00 – Dørene åpner

18.55 – Velkommen v/ Morten og Ole Jakob

19.00 – Regionrådene taler til Oslo-dølene. Film.

19.20 – Humorsekvensen starter

21.00 – Bergtatt

22.30 – Yoyoyo Accapulco

24.00 – Lomsk

02.30 – Slutt

11 krav til Soria Moria 2

Ordførarane i Nasjonalparkriket har i dag sendt ut 11 krav til ny ei regjeringserklæring.

Du kan lesa krava her.

1. Fjellregionane: Regjeringa må i sterkare grad rette søkelyset mot dei særlege utfordringane distrikta i innlandet – fjellregionane – står overfor. ”Fjellpolitikken” er nemnt i Stortingsmeldinga ”Med hjarte for heile landet”, men må bli konkretisert og samordna i ei eiga Stortingsmelding.
2. Utvida interkommunalt samarbeid er eit alternativ der kommunane ønskjer å vidareføre den kommunestrukturen vi har i dag. Drift av interkommunale samarbeidsorgan må bli sikra statleg økonomisk støtte, slik at drift av slike organ i større grad blir uavhengig av kommunale driftstilskott.
3. Distrikta er avhengig av eit meir variert næringsliv og eit større innslag av kompetansearbeidsplassar. I mange distriktskommunar, bl.a. i Nord-Gudbrandsdal, foregår det ei nedbygging av statlege arbeidsplassar, og kompetanse og leiarfunksjonar blir sentralisert. Vedr. etablering av nye statlege arbeidsplassar viser vi til ”Soria Moria I”, der det blir slått fast at ”Lokalisering av ny statlig virksomhet skal skje utenfor Oslo, med mindre det foreligger særskilt begrunnelse”. Regjeringa må også ta initiativ til ein gjennomgang av kva for etablerte statlege arbeidsplassar det er naturleg å leggje til distrikta.
4. Nord-Gudbrandsdal er Nasjonalparkriket, med ein unik konsentrasjon av verna område/nasjonalparkar. Ut frå dette er det naturleg at kompetansemiljø innan forvaltning, bruk og utvikling av verneområde blir lagt til regionen, og at arbeidsgjevaransvaret blir lagt til det lokale forvaltningsnivået. Det bør opprettast eigne utviklingsfond/kulturlandskapsfond for kommunar med store verna areal.
5. Landbruket er ei hjørnesteinsnæring i distrikta, og må få eit reelt inntektsløft slik dei som er sysselsett i primærnæringa kjem på line med tilsette i andre næringar. Rovviltpolitikken må i sterkare grad ta omsyn til landbruket sitt behov for vern av beitedyr.
6. Samferdselssatsing er god distriktspolitikk: Vi forutset at regjeringa vidarefører og forsterkar satsinga i NTP 2010-2019, med sterk vekt på utbygging av kollektivtransporten (eks. NSB) og godstransport på jernbane, også i distrikta.
7. Satsinga på fornybar energi må forsterkast, med bla bioenergi basert på skogsvirke, småkraftverk osv.
8. Reiselivet er ei sterk distriktsnæring med stort potensiale for fortsatt vekst. Regjeringa må følgje opp næringa med å utnemne eigen statssekretær for reiselivet, knytt til Næringsdepartementet.
9. Desentralisert forvaltning av BU-midla: Forsøksordninga i Nord-Gudbransdal og Valdres blir avslutta ved årsskiftet 2010-2011. Erfaringane frå forsøksordninga tilseier at det blir lagt opp til permanent desentralisert forvaltning av BU-midla.
10. Fraktutjamning: I ”Soria Moria I” var dette sett opp som eit tiltak som skulle gjennomførast i perioden. Vi reknar med at dette nå blir sett på dagsorden så raskt som mogleg.
11. Samhandlingsreformen – lokalmedisinske sentra: Samhandlingsreformen må føre til auka satsing på lokalmedisinske sentra, som må bli sikra statlege midlar både til oppbygging og drift.

Brevet er underteikna Otta 23 september 2009
Rune Øygard
Dag Erik Pryhn
Bengt Fasteraune
Per Dag Hole
Rolv Kristen Øygard
Simen Bjørgen

Krystallklare ungdomskrav

Ungdomsråda utanfor Stortinget

Ungdomsråda i Sel, Dovre og Lom gjesta i dag Stortinget. Dette er ein del av prosjektet utstillingsvindu for kvinner i lokalpolitikken Ungdommen møtte mellom anna vararepresentant på Stortinget Johannes Rindal og statssekretær Janne Sjelmo Nordås i Kommunal og regionaledepartementet.

Dei var begge opptatt av å få innspel som kunne nyttast i forhandlingar med dei to andre regjeringspartia. Ungdommen fremja klåre krav til politikarane.

Vern Nedre Otta og syt for at alle kommunar har ein barne og ungdomsmedarbeidar i full stilling var konkrete krav til den nye regjeringserklæringa. Opprett gjerne næringsfond som kompensasjon for vassdragsvern, men syt da og for å øyremerka delar av løyvingane til ungdommen. Betre tilrettelegging for ungdom som ikkje er interessert i handball eller fotball og som såleis lett kan falle mellom to stolar var også fremja som ynskje. Stemmerett for 16 åringar var eit anna forslag som falt i god jord hjå dei unge.

Den låge valdeltakinga vart og tema, og ungdommen kom med mange forslag for å betre dette.

I sum sa statssekretæren seg godt nøgd med dei mange innspela. Og her er det ting å gripe fatt i for både kommune og stortingspolitikarar framover uansett regjeringserklæring.

Hamsunåret på hell.

I helga deltok eg på den siste nasjonale markeringa i Grimstad. 4 august var det 150 år sidan Knut Hamsun vart fødd i Ottadalen. For meg har dette året vore viktig år for å lære meir om den store forfattaren og alt han stod for.

Teater Fjæreheia i Grimstad 18 august 2009

I år har vi feira forfattaren. Eg meiner deg er mogleg å skilja forfattaren og politikaren Knut Hamsun. I Lom har vi gjort det lenge. Men om det er noko stort poeng, er nok meir usikkert. Vi må leve med det Hamsun var og det han gjorde. Det var uansett eit samansett og spanande menneske.

Bauten er det første monumentet som vart reist over Hamsun. Monumentet vart realisert allereie i 1960, og var resultat av stor innsats frå folk i Lom og samarbeid mellom motstandsfolk og tidlegare NS-medlemmar. Ordførar Jo Kveum som sat i tysk fangenskap under krigen avduka bautaen, og la til, Lom har fostra mange store menn man at Hamsun var den største av alle sidan han var vidast kjent.

Knut Hamsun skapar framleis debatt Sjølv meinte han at om 100 år var alt gløymt. Det stemmer ikkje når det gjeld denne personen.

Finn ut meir på Hamsunlaget sine spanande heimesider

Det har vore spanande å bli betre kjent med forfattaren sjølv, og dei andre Hamsunkommunane gjennom jubileumsåret.

Eg er stolt over Knut Hamsun sin sterke tilknytning til Ottadalen.

Meir makt til SP ?

Partileiinga har gjort ein kjempejobb !

Den raud grøne regjeringa har fått fornya tillit gjennom dette valet. Senterpartiet beheld om lag same oppslutninga som ved siste val, men er no større enn SV, og det nest største partiet i Regjeringa

Eg meiner heilt klart at det må gje seg synlege utslag når Stoltenberg går i gang med forhandlingar og fordeling av departement. Senterpartiet har i dag 4 departement og SV har 5, men dei har og den prestisjetunge finansministerposten. No har også Arbeidarpartiet vorte større, men eg trur dei er romslege nok til å tilgodesjå dei mindre partnarane med både statsrådspostar og gjennomslag i politiske hjartesaker.

VG har funne ut at landbruk og distriktspolitikk var fråverande tema i valkampen. Dei blir garantert sterkt tilstades når forhandlingane om Soria Moria II vert sett i gang. Eg ynskjer meg mellom anna ein ny rovdyrpolitikk. Og ser gjerne ein ny miljøvernminster frå Senterpartiet.

Rotet hjå dei borgarlege partia held fram med uforminska styrke. Det ser faktisk berre ut til å bli verre og verre. Nå får Lars Sponheim skulda og ansvaret for resultatet. Eg meiner det er eit ansvar Sponheim kan bæra med rak rygg. Han har med sitt klare og kloke standpunkt i høve FrP gjort eit framtidsretta val for partiet Venstre.

Høgre, FrP, KrF og Venstre har brukt 4 år på å førebu eit klårt alternativ. Det har dei ikkje makta. Og rotet held nok fram i 4 nye år. Ikkje fordi dei ikkje vil samarbeide. Men rett og slett fordi dei politiske avstandane mellom desse 4 partia er enorme.

Ordføraroppfordring !

Senterpartiet er berre for bønder. Det er ein refleksjon vi av og til høyrer. Det er ikkje rett. Sjølvsagt fører vi ein politikk som er god for jordbruket og for bøndene. Bergens Tidenes røynde faktasjekkere har no faktisk dokumentert at SP i Regjering utgjer ein viktig skilnad på jordbruksoppgjera.

Men Senterpartiet er så mykje meir enn eit bondeparti.

Det er mange parti som pratar om distriktspolitikk, men det er berre Senterpartiet som har det under skinnet, og som er tydelege på at ein god distriktspolitikk er den beste samfunnspolitikk. I eit land som Noreg med sine enorme naturgjevne ressursar vil ein være avhengig av at samfunnspolitikken har alle element av god distriktspolitikk i seg. Ferske undersøkelsar viser at også folk i byene har denne oppfatninga.

Vi er opptatt av distriktspolitikk og næringsutvikling. SP fokuserer på fornybar energi og miljøspørsmål. Det er ein grøn tråd mellom barnehage, skule og det nye kunnskapssamfunnet. Tryggleik, nærleik og omsorg står sentralt for oss i alle livets fasar. Vi har pressa gjennom den digitale allemannsretten og den moderne kommunikasjonsteknologien i heile landet. Det er ein av grunnane til at folk kan busette seg i store delar av distriktsnoreg i dag, og samstundes fylle plikter i arbeid og privatliv. Vi står opp om lokal forvaltning og lokaldemokratiet.

Vi har lagt fram ein ambisiøs nasjonal transportplan som vi no ber om og få gjennomføra.

Vi meiner at det er viktig for busetting og næringsutvikling å kunne ha stortingsrepresentantar med ei avklart haldning til EU saka.

Vi har styrka kommunane, langt meir en kunsumprisindeksen skulle tilseia. Det har vorte fleire hender i osmorg og betre og tryggare tenester.

Om FRP og Høgre skulle koma i Regjering etter valet vil vi støtta deira rovdyrpolitikk. Det er vel også den einaste støtten dei kan få frå oss. FRP vil sjølv utgjere eit farlegare rovdyr for norsk landbruk enn ulv, jerv, bjørn og gaupe til saman. Dei vil utrydda bonden. For over 6,0 mrd i reduksjon på jordbruksavtalen har dramatiske konsekvensar for heile landet. For matvaretryggleik, busettingsmønster og næringsliv.

Det sier seg sjølv at ein politikk der den enkelte skal være sin eigen lykkes smed, vil føre til jakt på kortsiktige gevinstar og ikkje ei bærekraftig utvikling.

Senterpartiet kan syna til gode resultat gjennom arbeidet lokalt i kommunane, regionalt og nasjonalt den siste perioden. Den grunnleggande skilnaden frå Senterpartiet til andre parti er at vi meiner det same i kommunane, i fylket som på Stortinget. Vi er eit parti med gode kandidatar.

Dei som stør oss i kommuneval, bør også gjere det ved stortingsvalet. Som ordførarar erfarer vi kor viktig det er for innbyggarane at den raud grøne regjeringa får halde fram med sitt arbeid også neste periode.

Du kan stole på dei løfta våre kandidatar gjev. Vi ber no om folkets tillit slik at både Anne Tingelstad Wøien og Johannes Rindal kan arbeida vidare med viktige sakar for Opplandssamfunnet i neste periode.

Underteikna oppmodar alle til å stemma på SP i Oppland.

Lom 02.09.2009

Hans Seierstad, Østre Toten

Jan Arild Berg, Etnedal

Kåre Helland, Sør Aurdal

Knut Haalien, Vang

Mona B.Nicolaysen, Gausdal

Rolv Kristen Øygard, Skjåk

Per Dag Hole, Lesja

Bengt Fasteraune, Dovre

Simen Bjørgen, Lom

Alle SP ordførarar i Oppland