TINE - best i regning
(Her er TINE sine kummerlege lokale midt i Oslo sentrum, vis a vis den nye operaen)
Regneekspertane i TINE har funne ut at ein kan spare 7 millionar kroner å legge ned den originale framstillingsmetoden av G35. Grytekoking slik Anne Hov fann opp for å imponere dei andre budeiene på Solbrå setra i Sør Fron for omlag 150 år sidan. På årsbasis vel og merke. Kor mykje ein tapar på å fjerne Gudbrandsdalsosten frå opprinnelsesstaden Gudbrandsdalen er ikkje opplyst. Ei heller kor mykje dei sparar på å legge produksjonen av årets nyheit julebrunosten til England Men det er også interessant om ein kunne fått klarheit i kor mange øre pr mjølkeliter kvar einaste norske mjølkebonde kunne tjene om TINE valgte ei anna lokalisering i hovedkontoret. Men det er vel ikkje noko å regna på ? Annonse | |||||||||||