Skjebnetider

Attgroinga av kulturlandskapet fører mange stader til store endringar i det biologiske mangfaldet. Dei viktigaste grunnane til at dette skjer er rovdyrpolitikken og landbrukspolitikken.
Les meir…

Rett mann i AP

Göran Person talar no på toppkandidatsamling i Oppland AP. Eg har hørt han fleire gonger tidlegare. Det han har vore opptatt av er rett og slett rein Senterpartipolitikk. Vonar toppkandidatane i AP tek godt imot innspela han kjem med.

Les meir…

Innlegg på landsmøte

Gode landsmøte

Fordi miljø- og distriktshensyn ikkje blir høyrt, har 173 kommuner – saman med miljørøyrsla, klaga Regjeringa inn for ESA. Dette er fordi revisjonar av eldre vasskraftutbyggingar ikkje skjer i tråd med EUs vanndirektiv. Sakshandsamingstida for Tesse i Lom, har no passert 20 år. Hadde dette skjedd i ei kommune ville myndigheitene grepe inn. Slik er det ikkje for Staten.
Les meir…

Prøvestein for Borten Moe

Revisjon av vilkåra for eldre vasskraftutbyggingar kan bli ein av dei fyrste prøvestein for den nye statsråden i OED, Ola Borten Moe. Revisjonen av Tesse i Lom er ei av dei fyrste sakene som ligg klar til politisk avgjerd på statsrådens bord.
Les meir…

Klimapark 2469

Knapt nokon del av utviklingsarbeidet i Lom dei siste åra har fått så mykje (velfortent) merksemd som Klimapark 2469. Mange gode samhandlingspartar har delteke i ei kreativ utviklingsfase. Oppland Fylkeskommune har vore den mest sentrale.

Les meir…

TINE - best i regning

(Her er TINE sine kummerlege lokale midt i Oslo sentrum, vis a vis den nye operaen)

Regneekspertane i TINE har funne ut at ein kan spare 7 millionar kroner å legge ned den originale framstillingsmetoden av G35. Grytekoking slik Anne Hov fann opp for å imponere dei andre budeiene på Solbrå setra i Sør Fron for omlag 150 år sidan. På årsbasis vel og merke.

Kor mykje ein tapar på å fjerne Gudbrandsdalsosten frå opprinnelsesstaden Gudbrandsdalen er ikkje opplyst.

Ei heller kor mykje dei sparar på å legge produksjonen av årets nyheit julebrunosten til England

Men det er også interessant om ein kunne fått klarheit i kor mange øre pr mjølkeliter kvar einaste norske mjølkebonde kunne tjene om TINE valgte ei anna lokalisering i hovedkontoret.

Men det er vel ikkje noko å regna på ?

Klimacamp i Jotunheimen

Nasjonalparkriket Natur og Ungdom og Ungdommens fylkesting i Oppland arrangerer 12- 15 august Klimacamp2010.

Statssekretær i Miljøverndepartementet Heidi Sørensen skal på Klimacamp i Jotunheimen

Les meir…

Samling av regional næringskompetanse

Nord Gudbrandsdalen har unike moglegheiter for kreativ næringsutvikling framover. Det fordrar at kommunane evner å sjå ut over kommunegrenser, slik næringslivet har lang og god tradisjon og erfaring med å gjere.

Les meir…

Nei til samkommunen

Kommunal og Regionaldepartementet har sendt eit framlegg om å lovfeste samkommunemodellen ut på høyring hjå kommunane. Eg er svært skeptisk til denne modellen, og vil i dette innlegget gjere nærare greie for dei viktigaste ankepunkta.
Les meir…

Klimapark 2469

Tysdag opnar verdens fyrste isgrotte i sitt slag ved Juvfonna i nærleiken av Jotunheimen nasjonalpark. Visjonen er å skapa eit internasjonalt leiande område for publikumstilrettelagt klimaobservasjon.
Les meir…