Viser arkivet for stikkord økonomi

Store helseutfordringar.

Noreg er det landet i verda som brukar flest kroner pr. innbyggar på helse. Men vi får ikkje mest igjen for pengane. Største delen av midlane går med til å hjelpe oss bli friske. Vi skulle kanskje brukt meir pengar på å unngå å bli sjuke.

Talet på innbyggarar over 67 år vil fordoble seg fram mot 2050. Vi får fleire å forsørgje og færre som arbeider. I mange utkantkommunar vil dette bli ei stor utfordring langt tidlegare. På grunn av alders-samansetninga i befolkninga kombinert med befolkningsutviklinga. Samstundes vil sjukdomsbildet endra seg. Rus, kreft, diabetes, overvekt, KOLS og psykiske lidingar overtek meir og meir. Demens vil også auke framover. Og vi får fleire eldre.

Korleis skal dei små kommunane klare desse utfordringane Regjeringa har alt varsla at kommunane vil få eit langt større økonomisk medansvar framover. Samhandlingsreformen som blir lagt fram i juni er vel eigentleg ein kommunehelsereform. Og den kan bli svært krevjande for kommunar på Lom sin storleik.

Med dagens kommunestruktur er einaste alternativ meir forpliktande interkommunalt samarbeid som blir fylgt opp. Befolkninga må altså finne seg å vere ein del av eit så godt helsesamarbeid som politikarane i kommunane er villige til å vere med å skapa. For ingen vinn denne kampen åleine og enkeltvis.