Viser arkivet for stikkord dovre

11 krav til Soria Moria 2

Ordførarane i Nasjonalparkriket har i dag sendt ut 11 krav til ny ei regjeringserklæring.

Du kan lesa krava her.

1. Fjellregionane: Regjeringa må i sterkare grad rette søkelyset mot dei særlege utfordringane distrikta i innlandet – fjellregionane – står overfor. ”Fjellpolitikken” er nemnt i Stortingsmeldinga ”Med hjarte for heile landet”, men må bli konkretisert og samordna i ei eiga Stortingsmelding.
2. Utvida interkommunalt samarbeid er eit alternativ der kommunane ønskjer å vidareføre den kommunestrukturen vi har i dag. Drift av interkommunale samarbeidsorgan må bli sikra statleg økonomisk støtte, slik at drift av slike organ i større grad blir uavhengig av kommunale driftstilskott.
3. Distrikta er avhengig av eit meir variert næringsliv og eit større innslag av kompetansearbeidsplassar. I mange distriktskommunar, bl.a. i Nord-Gudbrandsdal, foregår det ei nedbygging av statlege arbeidsplassar, og kompetanse og leiarfunksjonar blir sentralisert. Vedr. etablering av nye statlege arbeidsplassar viser vi til ”Soria Moria I”, der det blir slått fast at ”Lokalisering av ny statlig virksomhet skal skje utenfor Oslo, med mindre det foreligger særskilt begrunnelse”. Regjeringa må også ta initiativ til ein gjennomgang av kva for etablerte statlege arbeidsplassar det er naturleg å leggje til distrikta.
4. Nord-Gudbrandsdal er Nasjonalparkriket, med ein unik konsentrasjon av verna område/nasjonalparkar. Ut frå dette er det naturleg at kompetansemiljø innan forvaltning, bruk og utvikling av verneområde blir lagt til regionen, og at arbeidsgjevaransvaret blir lagt til det lokale forvaltningsnivået. Det bør opprettast eigne utviklingsfond/kulturlandskapsfond for kommunar med store verna areal.
5. Landbruket er ei hjørnesteinsnæring i distrikta, og må få eit reelt inntektsløft slik dei som er sysselsett i primærnæringa kjem på line med tilsette i andre næringar. Rovviltpolitikken må i sterkare grad ta omsyn til landbruket sitt behov for vern av beitedyr.
6. Samferdselssatsing er god distriktspolitikk: Vi forutset at regjeringa vidarefører og forsterkar satsinga i NTP 2010-2019, med sterk vekt på utbygging av kollektivtransporten (eks. NSB) og godstransport på jernbane, også i distrikta.
7. Satsinga på fornybar energi må forsterkast, med bla bioenergi basert på skogsvirke, småkraftverk osv.
8. Reiselivet er ei sterk distriktsnæring med stort potensiale for fortsatt vekst. Regjeringa må følgje opp næringa med å utnemne eigen statssekretær for reiselivet, knytt til Næringsdepartementet.
9. Desentralisert forvaltning av BU-midla: Forsøksordninga i Nord-Gudbransdal og Valdres blir avslutta ved årsskiftet 2010-2011. Erfaringane frå forsøksordninga tilseier at det blir lagt opp til permanent desentralisert forvaltning av BU-midla.
10. Fraktutjamning: I ”Soria Moria I” var dette sett opp som eit tiltak som skulle gjennomførast i perioden. Vi reknar med at dette nå blir sett på dagsorden så raskt som mogleg.
11. Samhandlingsreformen – lokalmedisinske sentra: Samhandlingsreformen må føre til auka satsing på lokalmedisinske sentra, som må bli sikra statlege midlar både til oppbygging og drift.

Brevet er underteikna Otta 23 september 2009
Rune Øygard
Dag Erik Pryhn
Bengt Fasteraune
Per Dag Hole
Rolv Kristen Øygard
Simen Bjørgen

Krystallklare ungdomskrav

Ungdomsråda utanfor Stortinget

Ungdomsråda i Sel, Dovre og Lom gjesta i dag Stortinget. Dette er ein del av prosjektet utstillingsvindu for kvinner i lokalpolitikken Ungdommen møtte mellom anna vararepresentant på Stortinget Johannes Rindal og statssekretær Janne Sjelmo Nordås i Kommunal og regionaledepartementet.

Dei var begge opptatt av å få innspel som kunne nyttast i forhandlingar med dei to andre regjeringspartia. Ungdommen fremja klåre krav til politikarane.

Vern Nedre Otta og syt for at alle kommunar har ein barne og ungdomsmedarbeidar i full stilling var konkrete krav til den nye regjeringserklæringa. Opprett gjerne næringsfond som kompensasjon for vassdragsvern, men syt da og for å øyremerka delar av løyvingane til ungdommen. Betre tilrettelegging for ungdom som ikkje er interessert i handball eller fotball og som såleis lett kan falle mellom to stolar var også fremja som ynskje. Stemmerett for 16 åringar var eit anna forslag som falt i god jord hjå dei unge.

Den låge valdeltakinga vart og tema, og ungdommen kom med mange forslag for å betre dette.

I sum sa statssekretæren seg godt nøgd med dei mange innspela. Og her er det ting å gripe fatt i for både kommune og stortingspolitikarar framover uansett regjeringserklæring.