Viser arkivet for stikkord jens

Kva vil du med norsk landbruk, Jens ?

Skal i dag stille dette spørsmålet til statsminister Jens Stoltenberg på KS sin ordførarkonferanse i Oslo.

1) Norske matprodusentar tapar terreng i inntektsutviklinga.
2) Det skjer ei konstant nedlegging av norske gardsbruk.
3) Strukturen endrar seg for å drive meir kostnadseffektivt.
4) Vi står overfor ei internasjonal matvarekrise, og ei global klimakrise.
5) Fleire land sikrar sjølvforsyning ved å leige opp jord i andre land.
6) Import av mat blir ikkje ei sjølvfølgje i framtida med klimaendringane.
7) Skal vi trygge eige befolknings mattilgang må vi ha eit solid landbruk.

Eg forventar ikkje at sjefen i Regjeringa vil kommentere dei pågåande jordbruksforhandlingane i dag. Men eg vil gjerne høyre kva som er dei store, tunge, kraftfulle grepa og dei politiske strategiane for å vidareutvikla ei bærande næring. Ei næring som når viktige distriktspolitiske, klimapolitiske og skapar trygge matvarer for alle i landet vårt.

Regjeringa sitt tilbod er i år så dårleg at det vert planlagt kraftige ordføraraksjonar i fleire av regjeringspartia. Mitt spørsmål handlar ikkje om talet på milliardar til bøndene. Men det eg spør om er Regjeringssjefens politiske visjonar og strategiar for å sikre norsk landbruk i ei skjebnetid.

Kva vil du med norsk landbruk Jens ?