Viser arkivet for stikkord klimakrise

Mat må alle ha

Difor må alle land, bidra til auka matproduksjon. Vi må verne om jord eigna for matproduksjon og kunnskapen om korleis maten blir produsert. Noreg kan ikkje basere sitt forbruk på import frå land som treng maten sjølv

Så mykje som 25 % av verdas matproduksjon kan gå tapt dette århundret som følgje av klimaendringar, vassmangel, plantesjukdommar og utarming av jord.

Vi kan altså ikkje løyse klimautfordringane utan å ta omsyn til behovet for ein auka matproduksjon. Derfor er matkrisa en del av klimakrisa.

Klimaendringar er vår tids største utfordring. Samtidig er tilgangen på nok og trygg mat truga i deler av verda. Over ein milliard menneske har i dag for lite mat. For å brødfø verdas folk må matproduksjon auke med 70% innan 2050, ifylgje FNs matvareorganisasjon FAO.

Det er store utfordringar knytt til å produsere nok mat til verdas folk på ein berekraftig og klimavenleg måte. Samtidig med at matproduksjonen må bli meir klimavenleg, må andre sektorar ta større del av klimakutta.

Utviklingsland må få hjelp til å bygge opp ein berekraftig matproduksjon. Verdas rikaste land, samla i G8, vedtok i sommar å auke løyvingane til landbruksbistanden kraftig. Det må også Noreg gjere.

Under klimaforhandlingane i Kyoto vart landbruket gløymt. Det kan ikkje skje på nytt. Mat må på dagsordenen under klimaforhandlingane i København og inkluderast i arbeidet etter toppmøtet. Vi må sjå matkrisa i saman med klimakrisa. Løyser me ikkje desse to i lag, løyser me ikkje nokon av dei.