Viser arkivet for stikkord klimapark

Klimapark 2469

Knapt nokon del av utviklingsarbeidet i Lom dei siste åra har fått så mykje (velfortent) merksemd som Klimapark 2469. Mange gode samhandlingspartar har delteke i ei kreativ utviklingsfase. Oppland Fylkeskommune har vore den mest sentrale.

Les meir…

Klimacamp i Jotunheimen

Nasjonalparkriket Natur og Ungdom og Ungdommens fylkesting i Oppland arrangerer 12- 15 august Klimacamp2010.

Statssekretær i Miljøverndepartementet Heidi Sørensen skal på Klimacamp i Jotunheimen

Les meir…

Klimapark 2469

Tysdag opnar verdens fyrste isgrotte i sitt slag ved Juvfonna i nærleiken av Jotunheimen nasjonalpark. Visjonen er å skapa eit internasjonalt leiande område for publikumstilrettelagt klimaobservasjon.
Les meir…

Det viktige været

Å diskutere været er ikkje lenger tomgangsprat for å fordrive tida. Det er verdens viktigaste spørsmål. København er vertskap for dei internasjonale klimaforhandlingane som går av stabelen 7-18 desember 2009. Her blir verdens leiarar utfordra på tiltak. For framtida.

Skal vi få den globale oppvarminga under kontroll er det viktig at partane blir samde om ei ny global klimaavtale. Vi ser alt verknadane av dei alvorlege klimaendringane. Tørke, flom, syklonar og enomre jordbruksareal som går ut av produksjon. Hovedsaka i København må vere å setja offensive mål som reduserer den globale oppvarminga, og Noreg må spela ei aktiv rolle i desse forhandlingane.

Ved Juvfonna i nærleiken av Galdhøpiggen ser ein og verknadar av den globale oppvarminga på nært hald. Nedsmeltinga av brear i Jotunheimen fører til at det blir gjort kulturhistoriske funn. For nokre år sidan vart Norges eldste sko funne i dette området, rundt 3500 år gammal. Arbeidet med å realisere verdens fyrste Klimapark pågår nå for fullt. Klimapark 2469 vil bli ein arena for å formidla kulturhistorie men og for å syna fram verknader av global oppvarming. Born og unge blir ei viktig målgruppe.

Det viktigaste som skjer på Galdhøpiggen i morgon er at Nasjonalparkriket Natur og Ungdom skal senda ein kraftig beskjed til verdens leiarar. Utslepp av klimagassar må ned fordi naturen i høgfjellet er i ferd med å endra seg. Det er teikn på at noko alvorleg er på ferde.

Mandag startar landets fyrste klimakonferanse i sitt slag i Lom samfunnshus. Spanande men også krevjande tema vert sett på dagsorden.

Dette er ein del av den årlege markeringa av Lom som nasjonalparklandsby. Vi kan samstemt slutte oss til redaktør Asta Brimi i lokalavisa Fjuken sine ord på leiarplass i går. Ho ventar i spenning. – Kanskje får vi noko og feire ?