Viser arkivet for stikkord kommuneøkonomi

Betre økonomi i kommunane

Ei ny undersøking viser at kommunane betra driftsresultata sine i fjor. – Sjølv om økonomien vart styrka i 2009, veit vi at situasjonen er ulik i ulike kommunar, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.
Les meir…

Kvar skal kommunane kutte ?

Både statsminister og finansminister har varsla kutt og hardare kamp om budsjettkronene framover:

Det blir tøffare tak i Regjeringa. Det vil merkast alt på revidert statsbudsjett til våren.

Kommunane må bu seg på ein vanskelegare økonomisk kvardag.

Samstundes er Soria Moria II av lovnader om område som skal skjermast.

Det vil ikkje vere mogleg for lokalpolitikarane og innfri alle lovnadane med mindre rammene til kommunesektoren vert auka monaleg. Om ikkje det skjer vil det vere lokalpolitikarane som må ta ansvar for å bryta lovnadane frå valkampen.

Alle regjeringspartia har sine fanesaker, og vi har alt merka oss fleire røyster både i Ap og Sv, som varslar strengare statleg styring av kommunesektoren.

I kommunane er vi vant med å forholda oss til økonomiske realitetar. Hjå oss går hovuddelen av inntektene til tenesteproduksjon innan helse, eldreomsorg, skule og barnehage. Alt dette er område som Regjeringa vil løfte fram som satsingsområde. Vi minnest talene frå valkampen om fleire hender i eldreomsorga, fleire lærarar, full barnehagedekning og motstand mot strukturendringar.

Når vi framover skal kutta, fordi kommunane skal ha Statens godkjenningstempel på budsjetta, meiner eg sentrale politikarar i Regjeringa skal vere forsiktige med å love bort kva område som skal skjermast. Med mindre dei samstundes gjev klåre anvisningar for kvar kommunane skal kutta.

Det har vi sett lite til så langt….