Viser arkivet for stikkord la

TINE - best i regning

(Her er TINE sine kummerlege lokale midt i Oslo sentrum, vis a vis den nye operaen)

Regneekspertane i TINE har funne ut at ein kan spare 7 millionar kroner å legge ned den originale framstillingsmetoden av G35. Grytekoking slik Anne Hov fann opp for å imponere dei andre budeiene på Solbrå setra i Sør Fron for omlag 150 år sidan. På årsbasis vel og merke.

Kor mykje ein tapar på å fjerne Gudbrandsdalsosten frå opprinnelsesstaden Gudbrandsdalen er ikkje opplyst.

Ei heller kor mykje dei sparar på å legge produksjonen av årets nyheit julebrunosten til England

Men det er også interessant om ein kunne fått klarheit i kor mange øre pr mjølkeliter kvar einaste norske mjølkebonde kunne tjene om TINE valgte ei anna lokalisering i hovedkontoret.

Men det er vel ikkje noko å regna på ?