Viser arkivet for stikkord lokal

Gjennomslag for lokal forvaltning

Statsråd Erik Solheim har i dag sendt ut tilbud til 131 kommunar om å delta i den framtidige forvaltninga av verneområde. Den 14 desember 2009 kan vi dokumentere eit viktig gjennomslag for Senterpartiet i Regjeringa. Tanken og kravet om lokal forvaltning har nådd gjennom.

Kommunane får ei stor oppgåve i å sikra nasjonale og internasjonale mål når vi nå får forvaltningsmynde gjennom deltaking i politisk samansette nasjonalpark- eller verneområdestyre. Dette er eit heilt avgjerande grep for å sikra verneverdiane framover, og eg trur dette vil styrke forvaltninga av verneområda.

Forvaltninga må vere kunnskapsbasert, lokalt forankra og mest mogleg einheitleg skriv Solheim i brevet til kommunane.

Sekretariatet for styret skal utgjerast av nasjonalparkforvaltaren. Denne vert tilsett av Fylkesmannen i dialog med styret, men skal ha kontorplassering nær verneområdet. Gjerne i eit fagleg felleskap i tilknytning til eit lokalt/regionalt forvaltningsknutepunkt. Slike regionale fagmiljø må etablerast for å sikra den kunnskapsbaserte forvaltninga. Dei gode intensjonane må også fylgjast opp med midlar.

Eg er også glad for at likestillingslova §21 skal fylgjast ved oppnevning av medlemmar til styra. Dette har eg grunngjeve i eit tidlegare innlegg. Dette vil sikra representasjon frå båe kjønn, på eit hittil særs mannsdominert område.

Brevet til kommunane frå statsråden kan du lesa her