Viser arkivet for stikkord lokaldemokratiet

Der det verkeleg er små kommunar

Glurns

No her eg vore i Italias minste by,Glurns. Kanskje også ei av dei minste kommunane i landet. Ei av 116 i Sørtirol. Innbyggartalet er 884. Italias kommunekart har lite til felles med det norske.

Glurns grensar til kommunane Mals, Prad am Stilfser Joch, Schluderns og Taufers im Münstertal. Dei ligg så tett at eg kan jogge gjennom tre fire kommunar på ein kort trimtur.

Glurns er styrt av eit parti. Sydtirolske Folkeparti SVP. Dei held alle plassar i kommunestyret. Ingen andre parti er representert. Ein kan stille spørsmål ved korleis demokratiet i praksis fungerer. Er kommunestyret viktig nok til at folk vil engasjere seg.

Av oppgåver er i hovudsak kommunen å samanlikna med eit offensivt turistkontor.

I fjellkommunen Martell er det om lag same innbyggartalet som Glurns. Det er 4 tilsette i kommunen. 2 som driv med plan/utvikling og 2 sekretærar. I tillegg til sesonghjelp. Også her har SVP alle plassar i kommunestyret.

Styringa skjer gjennom overkommuner. Dei lokale kommunane har omtrent ingen påverknad på tenesteytinga innan viktige område som samferdsel, skule, helse og barnehage. Det seier seg sjølv med det store kommunetalet som er i Sørtirol. Fylkeskommunen eller provinsen driv tenesteproduksjon. Staten gjev lover, økonomiske midlar og fører tilsyn.

På sett og vis ser vi litt av dei same utviklingstrekka i Noreg. Kommunane samarbeider i større grad regionalt og interkommunalt for å løyse felles utfordringar. Med dette blir makt og mynde ført ut av kommunestyresalen og plassert i ikkje direkte folkevalte organ. Som i praksis styrer.

Med den italienske modellen er det ikkje lenger nokon diskusjon om kommunestruktur. Om vi hadde fått ei slik organisering i Noreg, ser eg ikkje bort i frå at det kunne vore mogleg å auka talet på norske kommunar monaleg.

Da kunne både den sunne og usunne lokalpatriotismen fått fritt utløp. Men lokaldemokratiet ville bli offerlammet på dei små kommunane sitt alter.