Viser arkivet for stikkord lom

Sentralisering også i Tyskland

Har i ein og ein halv dag vore på vitjing i kommunen Röttingen i Bayern. Det var eit interessant og lærerikt besøk. Min tyske kollega Martin Umscheid hadde lage eit tettpakka men lærerikt program.

Röttingen ligg ein halv times kjøretid frå den store byen Würzburg. Det tek 1 time med tog frå storbyen Frankfurt.

Rôttingen har eit folketal på rundt 1900 innbyggarar. Det er over 900 arbeidsplassar i kommunen.

Eibe

Store bedrifter er leikeapparatprodusenten Eibe og bedrifta ITW som lagar bildelar. Trass i gode kommunikasjonar med korte avstandar, rikeleg med høgteknologiske kompetansearbeidsplassar slit Röttingen med dei same utfrodringar som Nord Gudbrandsdalen.

Folketalet går ned.

Det kan altså sjå ut som om det ikkje er korkje samferdsel eller arbeidsplassar som er heile svaret på sentraliseringskoden som vi ser både nasjonalt og internasjonalt.

Röttingen satsar som Lom sterkt på tettstadutvikling som ein viktig utviklingsstrategi. Landsbysenteret har strenge krav til byggeskikk og estetikk. Som i Lom. Dei vart i 1953 fyrste Europastadt. Dette med bakgrunn i landsbyen sin. Og reiseliv er ei viktig vekstnæring. Difor er tek dei aktivt del i å bygge eit landsdelsselskap innan reiseliv som går under merkevaren Franken weinland.

Bakeriet er viktig for Röttingen, ordførar Umscheid til høgre i bildet

Lom og Röttingen er geografisk svært ulike, men når det gjeld samfunnsmessige utfordringar svært like.
Difor er det nyttig og drøfte både demografiske utfrodringar, landsbyutvikling og reiseliv med denne tyske kommunen.

Det er ikkje sikkert vi treng fleire forskningsrapportar om dette tema. Kanskje finn vi fleire svar saman når vi deler praktiske erfaringar.

Jula forsterkar

Jula er ei forsterkande kraft. Har du det bra, blir gledene ekstra store i jula. Slit du med sorg, savn eller andre problem vert dei enda tyngre å bæra. Slik virkar julehøgtida.

Noreg er i 2009 kåra til verdens beste land å bu i. Vi er eit av verdas rikaste land. Men er vi verdens lukkelegaste folk ?

Sjølv i Noreg er det mange som har det vondt. Vi slit kanskje med det vi kan kalle velstandens dilemma. Livsstilsjukdommar dominerer meir og meir. Mange barn kvier seg for julefeiringa. Dette kan du lese meir om i eit gripande intervju med Beate Stø i dagens utgåve av Fjuken

Tor Jonsson er ein diktar som 58 år etter at han døydde framleis grip den som les eller lyttar til tekstene hans.

Han levde for å si det mildt, ikkje noko lukkeleg og storslage liv. Han voks opp i fattigdom, med ei sjuk mor og ein far som døydde tidleg. Han hadde eit vanskeleg sinn og var alt i barneåra ein einstøing.

Det har seinare kome fram at han medisinerte seg sjølv med alkohol og ymse preparat, i hovedsak for å koma bort frå den trangsynte mentaliteten som da dominerte Gudbrandsdalen.

Eg trur heller ikkje jula var det Tor Jonsson såg mest fram til medan han levde.

Eit av Tor Jonsson sine sterkaste dikt, Eg åtte ikkje kjærleik, vart funne ved senga han døydde i, knapt 35 år gamal.

Eit av versa er slik:

Eg åtte ikkje kjærleik,
og difor er eg jord.
Men kanskje finnst eit rike,
der einast kjærleik gror.

Diktaren som har skapt fleire av dei vakraste kjærleiksdikta våre, valgte døden – ikkje livet eller kjærleiken.

Han tykte han hadde svikta både seg sjølv og sine “brør” fordi han mangla evnen til å elska og fordi han døydde med eit einsamt og sundslege hjarta.

Tor Jonsson var ein fantastisk forfattar. Eg gler meg til å arbeide meir med den store forfattararven han etterlet seg i 2010. Her kan Lom gjere mykje framover. Her ligg det spanande moglegheiter. Eg gler meg til å prate meir om Tor Jonsson i Ottadalsradioen 2 juledag.

Noko av det Jonsson etterlet seg er til ettertanke for meg, og sikkert fleire andre, når han talar om ordet.

Kvart ord du møter andre menneske med, skal du møte att.
Så ikkje ugras, for du skal sjølv vere med å hausta det du sår.
Akta deg for dei tome orda, frasene.

Han har også eit eige dikt som heiter nettopp Ordet utgjeve i Mogning i mørket i 1943.

Kva hjelp det å syngje
som elv i det aude ?
Kva hjelp det å kyngje
med klokker for daude.

Kva hjelp det å skapa
all venleik i verda.
Når orda lyt tapa
for svolten og sverda.

Slik undrast og spør vi
i modlause stunder.
Men hugse det bør vi:
Eit ord er eit under.

Dei gløymest dei gjæve,
og alt det dei gjorde.
Men livet er æve.
Og evig er ordet.

Med Tor Jonsson ynskjer eg alle som les bloggen min ei riktig varm og fredfull julehøgtid.

Fleirbrukshall i Lom

Politikarane i Lom må i løpet av neste år ta stilling til om ein skal gå vidare med eit stort investeringsprosjekt.
Dei førebelse planane for ein fleirbrukshall med nye lokale for den vidaregåande skulen er lagt fram. Du kan lese meir om desse planane på nettstaden til Lom kommune

Mange spør seg no om kommunen kan ta seg råd til ein slik storsal. Det er eit viktig spørsmål.Og eg skal vere forsiktig med å konkludere på dette no. Men det vi alt veit er at er at det er stor næringsmessig interesse for å delta. Ein større investor har alt signalisert vilje til å gå inn med eit millionbeløp for å støtte prosjektet. Samstundes er fleire bedrifter i Lom no inne i ein prosess der dei vurderer moglegheitene for å delta i eit spleiselag.

Vi står no midt i ein krevjande budsjettprosess Budsjett er som regel aldri enkelt. Men budsjett er prioritering.
Det er eit svært godt utgangspunkt på dei fleste område i Lom. Vi har høg tenestekvalitet og kan dokumentere det gjennom medarbeidar og brukarundersøkelsar. Årets budsjett innebær på ingen måte noko rasering av tenestetilbud, snarare ei mindre justering.

Fleirbrukshallen vil opna eit nytt moglegheitsrom. Det handlar og om å sikra den vidaregåande skulen si framtid og moglegheit til utvikling her.

Eg trur dette er eit felles prosjekt som vil bli veldig viktig for utviklinga i Lom framover og ser fram til spanade diskusjonar om temaet.

Nokon spør seg om vi har råd til å bygge. Andre lurar på om vi har råd til å la vere.

Lokaldemokratiet i Lom

Nå skal innbyggarane i Lom få si frå kva dei meiner om lokaldemokratiet i kommunen. Lom har vorte plukka ut blant 90 kommunar for å gjennomføre ein såkalla lokaldemokratiundersøkelse.

Dette er ei utprøving i regi av Kommunenes sentralforbund og Kommunal og Regionaldepartementet

Hensikta er at innbyggarane skal få si sitt om korleis dei meiner lokaldemokratiet fungerer i kommunen.
Kommunestyremedlemmane skal også få besvara ein del spørsmål.

Resultata skal danne grunnlag for demokratiutvikling. På sikt er planane at alle landets kommunar skal få kunne ta del i ein slik undersøkelse.

Eg vonar på stort engasjement kring granskinga i Lom.

Webkamera frå Nasjonalparklandsbyen Lom i dag kl 15.33

11 krav til Soria Moria 2

Ordførarane i Nasjonalparkriket har i dag sendt ut 11 krav til ny ei regjeringserklæring.

Du kan lesa krava her.

1. Fjellregionane: Regjeringa må i sterkare grad rette søkelyset mot dei særlege utfordringane distrikta i innlandet – fjellregionane – står overfor. ”Fjellpolitikken” er nemnt i Stortingsmeldinga ”Med hjarte for heile landet”, men må bli konkretisert og samordna i ei eiga Stortingsmelding.
2. Utvida interkommunalt samarbeid er eit alternativ der kommunane ønskjer å vidareføre den kommunestrukturen vi har i dag. Drift av interkommunale samarbeidsorgan må bli sikra statleg økonomisk støtte, slik at drift av slike organ i større grad blir uavhengig av kommunale driftstilskott.
3. Distrikta er avhengig av eit meir variert næringsliv og eit større innslag av kompetansearbeidsplassar. I mange distriktskommunar, bl.a. i Nord-Gudbrandsdal, foregår det ei nedbygging av statlege arbeidsplassar, og kompetanse og leiarfunksjonar blir sentralisert. Vedr. etablering av nye statlege arbeidsplassar viser vi til ”Soria Moria I”, der det blir slått fast at ”Lokalisering av ny statlig virksomhet skal skje utenfor Oslo, med mindre det foreligger særskilt begrunnelse”. Regjeringa må også ta initiativ til ein gjennomgang av kva for etablerte statlege arbeidsplassar det er naturleg å leggje til distrikta.
4. Nord-Gudbrandsdal er Nasjonalparkriket, med ein unik konsentrasjon av verna område/nasjonalparkar. Ut frå dette er det naturleg at kompetansemiljø innan forvaltning, bruk og utvikling av verneområde blir lagt til regionen, og at arbeidsgjevaransvaret blir lagt til det lokale forvaltningsnivået. Det bør opprettast eigne utviklingsfond/kulturlandskapsfond for kommunar med store verna areal.
5. Landbruket er ei hjørnesteinsnæring i distrikta, og må få eit reelt inntektsløft slik dei som er sysselsett i primærnæringa kjem på line med tilsette i andre næringar. Rovviltpolitikken må i sterkare grad ta omsyn til landbruket sitt behov for vern av beitedyr.
6. Samferdselssatsing er god distriktspolitikk: Vi forutset at regjeringa vidarefører og forsterkar satsinga i NTP 2010-2019, med sterk vekt på utbygging av kollektivtransporten (eks. NSB) og godstransport på jernbane, også i distrikta.
7. Satsinga på fornybar energi må forsterkast, med bla bioenergi basert på skogsvirke, småkraftverk osv.
8. Reiselivet er ei sterk distriktsnæring med stort potensiale for fortsatt vekst. Regjeringa må følgje opp næringa med å utnemne eigen statssekretær for reiselivet, knytt til Næringsdepartementet.
9. Desentralisert forvaltning av BU-midla: Forsøksordninga i Nord-Gudbransdal og Valdres blir avslutta ved årsskiftet 2010-2011. Erfaringane frå forsøksordninga tilseier at det blir lagt opp til permanent desentralisert forvaltning av BU-midla.
10. Fraktutjamning: I ”Soria Moria I” var dette sett opp som eit tiltak som skulle gjennomførast i perioden. Vi reknar med at dette nå blir sett på dagsorden så raskt som mogleg.
11. Samhandlingsreformen – lokalmedisinske sentra: Samhandlingsreformen må føre til auka satsing på lokalmedisinske sentra, som må bli sikra statlege midlar både til oppbygging og drift.

Brevet er underteikna Otta 23 september 2009
Rune Øygard
Dag Erik Pryhn
Bengt Fasteraune
Per Dag Hole
Rolv Kristen Øygard
Simen Bjørgen

Krystallklare ungdomskrav

Ungdomsråda utanfor Stortinget

Ungdomsråda i Sel, Dovre og Lom gjesta i dag Stortinget. Dette er ein del av prosjektet utstillingsvindu for kvinner i lokalpolitikken Ungdommen møtte mellom anna vararepresentant på Stortinget Johannes Rindal og statssekretær Janne Sjelmo Nordås i Kommunal og regionaledepartementet.

Dei var begge opptatt av å få innspel som kunne nyttast i forhandlingar med dei to andre regjeringspartia. Ungdommen fremja klåre krav til politikarane.

Vern Nedre Otta og syt for at alle kommunar har ein barne og ungdomsmedarbeidar i full stilling var konkrete krav til den nye regjeringserklæringa. Opprett gjerne næringsfond som kompensasjon for vassdragsvern, men syt da og for å øyremerka delar av løyvingane til ungdommen. Betre tilrettelegging for ungdom som ikkje er interessert i handball eller fotball og som såleis lett kan falle mellom to stolar var også fremja som ynskje. Stemmerett for 16 åringar var eit anna forslag som falt i god jord hjå dei unge.

Den låge valdeltakinga vart og tema, og ungdommen kom med mange forslag for å betre dette.

I sum sa statssekretæren seg godt nøgd med dei mange innspela. Og her er det ting å gripe fatt i for både kommune og stortingspolitikarar framover uansett regjeringserklæring.

Hamsunåret på hell.

I helga deltok eg på den siste nasjonale markeringa i Grimstad. 4 august var det 150 år sidan Knut Hamsun vart fødd i Ottadalen. For meg har dette året vore viktig år for å lære meir om den store forfattaren og alt han stod for.

Teater Fjæreheia i Grimstad 18 august 2009

I år har vi feira forfattaren. Eg meiner deg er mogleg å skilja forfattaren og politikaren Knut Hamsun. I Lom har vi gjort det lenge. Men om det er noko stort poeng, er nok meir usikkert. Vi må leve med det Hamsun var og det han gjorde. Det var uansett eit samansett og spanande menneske.

Bauten er det første monumentet som vart reist over Hamsun. Monumentet vart realisert allereie i 1960, og var resultat av stor innsats frå folk i Lom og samarbeid mellom motstandsfolk og tidlegare NS-medlemmar. Ordførar Jo Kveum som sat i tysk fangenskap under krigen avduka bautaen, og la til, Lom har fostra mange store menn man at Hamsun var den største av alle sidan han var vidast kjent.

Knut Hamsun skapar framleis debatt Sjølv meinte han at om 100 år var alt gløymt. Det stemmer ikkje når det gjeld denne personen.

Finn ut meir på Hamsunlaget sine spanande heimesider

Det har vore spanande å bli betre kjent med forfattaren sjølv, og dei andre Hamsunkommunane gjennom jubileumsåret.

Eg er stolt over Knut Hamsun sin sterke tilknytning til Ottadalen.

Landbrukets avgjerande rolle.

Sumardag frå Nyrnes mot Lom

Forsking tyder på at det ikkje er den uberørte naturen som er den viktigaste for turisten, men derimot det kulturlandskapet som er skapt i kraft av menneskeleg påverknad gjennom eit aktivt landbruk over heile landet.

Primærnæringane må difor framleis være ein bærebjelke i den samla næringsstrukturen, og må få økonomiske kår som gjer dette mogleg. Både ut ifrå den verdiskapinga næringa står for isolert sett, men og ut frå dei ringverknader dette har for utvikling av andre næringar. Tydelegaste provet på dette er reiselivets aukande fokus på kulturlandskapet som grunnlag for utvikling.

Det er i dag et stort etterslep i investeringar i landbruket, og difor vonar eg at partane i årets jordbruksforhandlingar vert samde om å auka ramma for bygdeutviklingsmidlar monaleg.

Som andre innovative næringar treng også landbruket samarbeid og forsking for å få utvikling. Å legge til rette for et tettare samarbeid mellom dei ulike kompetansemiljøa innan landbruket må være ein viktig føresetnad for å styrke utvikling og nyskaping.

Her må universitetet for miljø og biovitenskap på Ås spela ei langt viktigare rolle for kunnskapsbasert næringsutvikling i distriktsnoreg.

Nasjonalparklandsbyar på tur

Nasjonalparklandsbyane Storslett, Geilo, Jondal, Vingelen og Lom nyttar denne veka til å vitja Sørtirol. Turen går til Val Venosta/Vinschagau-dalen og nasjonalparken Stelvio/Stilfserjoch heilt nord i Italia.

Formålet er å hente inspirasjon i utviklinga av Noregs nasjonalparklandsbyar. Representantar både frå MD, DN, Fylkesmennene, Fylkeskommunane og ikkje minst næringslivet deltek. Vi vil også sjå nærare på næringsutvikling i og rundt ein italiensk nasjonalpark.

Mange hevdar at fleire land i Europa er komne lengre i å utnytte moglegheitene som vernet gjev enn Noreg, og det skal bli spanande å sjå om denne teorien stemmer med fakta.