Viser arkivet for stikkord matrute

Reiseliv med Colorline

Har i dag vore innleiar på Colorline sin reiselivskonferanse. Mitt tema var Lom som knutepunkt i eit nett av viktige attraksjonar, med særleg vekt på dei noverande og framtidige nasjonale turistvegane i området.

Det er viktig å synleggjera det Lom som nasjonalparklandsby og Nasjonalparkriket kan by på som reiselivsdestinasjon. Dei nasjonale turistvegane er ei av dei største turistsatsingane den norske stat nokon gong har delteke i. I vårt område er det særleg Sognefjellsvegen som blir omfatta med stor interesse.

Landbruks og matdepartementet har i lag med Samferdselsdepartementet bestemt at denne strekninga skal vere ei pilotstrekning for utprøving av mat og matrutekonsept. Dette kan bli banebrytande for ei ny tilnærming til prosjektet. Matminister Lars Peder Brekk er så interessert i denne satsinga, at han for lengst har bestilt tid for prøvekjøring av den fyrste turistvegmatruta i sitt slag 12 juni.

Med Colorline sine nye skip, Superspeed, opnar det seg nye moglegheiter for vårt område. Men signalet frå selskapet er heilt klart på kva som skal til for å oppnå større trafikk. Samarbeid og utbygging av felles internettløysningar for heile Fjell Noreg.