Viser arkivet for stikkord oppmuntringstilsynet

Ulike nasjonalparkar

Italias svar på SNO

Av 8300 nasjonalparkar i heile verda er Stelvia Stilfserjoch i Sørtirol og Jotunheimen to.
Båe parkane har omtrent same flatemålet og dei har høge fjell. Natur som får vere for seg sjølv. Men der stoppar likskapen.

Medan Jotunheimen er Noregs best besøkte nasjonalpark, har Stelvia-Stilfserjoch eit lågt besøkstal til å vere så sentralt plassert. Men det er likevel 15 nasjonalparksenter i denne parken, i motsetning til Jotunheimens eine. Det er også hundrevis av stillingar knytt til informasjon, skjøtsel og oppsyn. I Jotunheimen så har vi fortida ei SNO stilling. Men no tilset vi riktig nok sumarvikarar !!

Nasjonalparksentra her i Italia er konsekvent lagt til avsidesliggjande plassar, som dei tematisk baserte Naturatrafoi og Culturamartell. Dette for å styre turistane ut i periferien og for å hjelpe reiselivsnæringa. Den Italienske stat og den europeiske unionen betalar stort sett for moroa.

Det er godt vi har med oss oppmuntringstilsynet på denne turen. Elles kunne vi lett mista motet.

Oppmuntringstilsynet i aksjon

Naturatrafoi Nasjonalparksenter- 1 av 15 !!