Viser arkivet for stikkord samkommune

Nei til samkommunen

Kommunal og Regionaldepartementet har sendt eit framlegg om å lovfeste samkommunemodellen ut på høyring hjå kommunane. Eg er svært skeptisk til denne modellen, og vil i dette innlegget gjere nærare greie for dei viktigaste ankepunkta.
Les meir…

Samkommune eller regionsamarbeid.

Om dei 6 kommunane i Nord Gudbrandsdalen skulle etablere ei samkommune ville kommunestyret bli ei folkevalt forsamling på om lag 120 personar. Om dette i røynda ville representere noko demokratisk framsteg, kan diskuterast. Dette er heller ikkje det viktigaste grepet som skal til for å fornya kommunesektoren.

Samkommunen vil i mange høve gjere det regionale samarbeidet overflødig. Når nær sagt alle kommunar i landet deltek i eit regionalt samarbeid, vil dette kunne påverka mange.

Ein samkommune vil altså representere eit nytt fjerde forvaltningsnivå. Det vil føre med seg styringsutfordringar og ei meir komplisert forvaltning for innbyggarane. Om representantane i eit samkommunestyre skal vere indirekte valt, kan det i sum også bli ei langt dårlegare demokratisk løysing. Ein slik modell vil vere eit brot med generalistkommuneprinsippet. Samkommunen vert vanskeleg og forholda seg til for mange samfunnsaktørar.

Slik ein kan tolke dei nasjonale forventningane til kommunesektoren framover, tyder mykje på at vi må oppretthalda teneste og servicetilbod, utan reelt sett fleire økonomiske ressursar til sektoren. Det nye byråkratiet som samkommuneforma fører med seg, kunne i staden vore nytta til omstilling og fornying av kommunesektoren.

I praksis vert det etablert eit nytt organ med avgjerdsmynde. Dette tappar dei valte organ i kommunane for oppgåver, og på sikt vil kommunestyra bli mindre viktige. For dei tilsette vil samkommunen bety at dei får ny arbeidsgjevar og ny politisk, administrativ og fagleg leiing. Dette kan skapa ein uoversiktleg situasjon og problem for økonomi og budsjettrutiner, kontroll, delegasjon og tilsynsrutiner.

Samarbeid i regionråd utviklar ei heilskapstenking og prioriteringar ut frå eit prinsipielt overordna samfunnssyn. Regionsamarbeidet er utviklingsorientert, men samstundes ei form som gjev kommunalt handlingsrom for eigne initiativ.

I Nord Gudbrandsdalen vart regionsamarbeidet etablert alt i 1993. I dag er dette ein viktig og naudsynt samarbeidsarena. Politisk interessearbeid, profilering, næringsutvikling og driftsoppgåver er områder vi i dag samarbeider om.

Ved utgangen av 2007 er det altså berre 14 av alle landets kommunar som ikkje deltek i eit regionalt samarbeid. Det vil si at 97 prosent av alle kommunar deltek, og det har vore ein markert vekst dei siste åra. Her i Oppland har vi gode døme på at både Lillehammer og Gjøvik som bykommunar framstår som viktige pådrivarar for auka regionalt samarbeid.

Om ein ikkje ynskjer at kommunane skal slå seg saman, vil det mest effektive verkemidlet vere å gje dei regionale samarbeida statleg støtte til drift. Dette ville gjort samarbeidet mindre sårbart i høve svingingar i den einskilde samarbeidskommune sin økonomiske kvardag.

Storting og regjering bør etter mitt syn bygge opp under allereie etablerte og vel fungerande regionale samarbeid. Det er betre enn å kaste bort tid og ressursar på fleire samkommunar. Det vil i tilfelle bli ei endelaus ørkenvandring, som raskt kan resultere behov for å endra dagens kommunestruktur.

Regionar som samarbeider har ei utfordring i og synleggjere kvalitetane og moglegheitene som dette representerer. I ein slik situasjon ser eg ikkje bort frå at det bør vurderast å etablera ei landssamanslutning av regionråd, som ein tverrpolitisk interesseorganisasjon knytt til Kommunenes Sentralforbund.

I den grad det er eit anten eller mellom samkommunar og regionalt samarbeid, blir mitt val enkelt. Eg går inn for regionar som samarbeider slik kommunsektoren i praksis gjennom mange år også har vist at den gjer.