Viser arkivet for stikkord satsing

Fornybar satsing ?

Regjeringa har i dag fått støtte frå finanskomiteen om å pålegge biodiesel ei auka miljøavgift !!! Det er eit stort steg attende for satsinga på fornybare energikjelder. Og for framtidssamfunnet Noreg.

Har i dag, som representant for LVK vore innleiar på Energi 2009. Mitt bodskap til møtelyden var 4 delt.

1. Sett naturen i arbeid
2. Oljeeventyret kan hjelpe oss å skapa eit grønt energi eventyr
3. Vi treng ein heilskapleg politikk for realisering av fornybar energi
4. Energiproduksjon kan ikkje skje utan naturinngrep

Det var ei spesiell oppleving på denne dagen. Vi veit at finanskomiteen på Stortinget har slutta seg til Arbeidarpartiet sitt framlegg om å pålegge biodiesel auka avgift. Torstein Rudihagen beklagar seg, men har ikkje eingong nådd fram med synet i sitt eige parti.

Skal vi i røynda få ein ny heilskapleg satsing på fornybare energikjelder i landet, må også styresmaktene innsjå at slike feilgrep ikkje kan forekoma.

GD meiner på leiarplass at dette er ei dårleg sak for miljøet og regjeringa. Men ei særleg dårleg sak for Arbeidarpartiet. Eg er langt på veg samd i dette.

Vi treng ein ny politikk for å realisere moglegheiter innan fornybar energi. Det er synd viss ikkje den raud grøne Regjeringa vil gje oss denne moglegheita.