Viser arkivet for stikkord skuleeigarrolla

Skoletinget

Lom kan gjere mykje i rolla som skuleeigar, sjølv om vi gjennom mange år satsa målbevist på å utvikle skulen. I dag møtes folk som er opptatt av skuleutvikling på den viktigaste skulepolitiske arena i 2010, skuletinget .

Dagens konferanse får meg til å reflektere litt over skilnaden mellom norsk og tysk skule. Eg vitja nyleg kommune Röttingen i Bayern. Dette kan du lese om i ein tidlegare blogg. Det er store forskjellar.

I Tyskland går alle elevane på same skule fram til 4 klasse. Det vil si frå dei er 6 til 10 år. Det er basis skulen. Da blir dei testa og må avlegge ein eksamen. Ein nasjonal test. Resultatet av denne vurderinga er svært avgjerande for elevens framtid. Rundt 30 % av elevane hamnar da på main skulen. 50 % på middel skulen og dei aller flinkaste elevane kjem direkte over til junior college. Det er altså eit totalt forskjellig skulesystem frå det norske.

I Bergen vekkjer det sterke reaksjonar når kommunen vil kåre årets lærar.

Det har gjennom mange år, frå ulike hald, vore skepsis til dei nasjonale prøvane.

På skulen i Röttingen som eg vitja var det 175 elevar. Det var basis, main og middel skule. For dei elevane som kom på juniorcollege som 10 åringar var tilbodet i ein annan by.

Skulbygget i Rottingen lignar meir på norske enn det innholdet i skulen gjer

Rektor som administrerte denne skulen med 175 elevar hadde 6 timars administrasjonstid kvar veke. Utover denne tida deltok ha i vanleg undervisning. Der er det også ein stor skilnad i høve det norske systemet, som sjølvsagt har den fordelen at det er smurt av oljemilliardar.

Det er ser mest fram til på skuletinget i dag er at kunnskapsminister Kristin Halvorsen skal fortelja om kva ho ville gjort som lokalpolitikar. Eg trur ho også ville meistra den rolla godt.

Det vert også spanande å sjå kven som får skuleeigarprisen 2009.