Viser arkivet for stikkord til

Til topps 2009

Til topps 2009

Norges røde kors og Inkluderings og mangfaldsdirektoratet (IMDI) har eit viktig arrangement i Lom 12-13 juni. Til topps 2009. Dette er ei unik oppleving på tvers av ulike kulturar.

Målet er at flest mogleg skal nå Galdhøpiggen, 2469 moh. Norges og Nord europas høgaste fjell.

Eg har vore på Galdhøpiggen fleire gonger, som under Til Topps 2007. Det var ein tur som inviterte til å sjå ting i perspektiv, sjølv om tåka til tider låg tjukk rundt oss. Da som no var det folk frå mange nasjonalitetar på veg mot den same toppen, det same målet. Det var folk som har vore på vandring frå eit land til eit anna og frå ein kultur til ein annan. Vandringa mot toppen av Galdhøpiggen vart difor eit bilete på at alle desse vandrarane har dei same draumane og måla. Alle ynskjer å finne ein trygg stad å bo med familien sin, å ha eit arbeid og leve i eit demokratisk og inkluderande samfunn.

Bygdene må vere inkluderande, slik at alle kan trivast. Nye menneske, impulsar og idear må takast godt vare på saman med alle dei positive kreftene vi har her frå før.