Viser arkivet for stikkord tor

Jula forsterkar

Jula er ei forsterkande kraft. Har du det bra, blir gledene ekstra store i jula. Slit du med sorg, savn eller andre problem vert dei enda tyngre å bæra. Slik virkar julehøgtida.

Noreg er i 2009 kåra til verdens beste land å bu i. Vi er eit av verdas rikaste land. Men er vi verdens lukkelegaste folk ?

Sjølv i Noreg er det mange som har det vondt. Vi slit kanskje med det vi kan kalle velstandens dilemma. Livsstilsjukdommar dominerer meir og meir. Mange barn kvier seg for julefeiringa. Dette kan du lese meir om i eit gripande intervju med Beate Stø i dagens utgåve av Fjuken

Tor Jonsson er ein diktar som 58 år etter at han døydde framleis grip den som les eller lyttar til tekstene hans.

Han levde for å si det mildt, ikkje noko lukkeleg og storslage liv. Han voks opp i fattigdom, med ei sjuk mor og ein far som døydde tidleg. Han hadde eit vanskeleg sinn og var alt i barneåra ein einstøing.

Det har seinare kome fram at han medisinerte seg sjølv med alkohol og ymse preparat, i hovedsak for å koma bort frå den trangsynte mentaliteten som da dominerte Gudbrandsdalen.

Eg trur heller ikkje jula var det Tor Jonsson såg mest fram til medan han levde.

Eit av Tor Jonsson sine sterkaste dikt, Eg åtte ikkje kjærleik, vart funne ved senga han døydde i, knapt 35 år gamal.

Eit av versa er slik:

Eg åtte ikkje kjærleik,
og difor er eg jord.
Men kanskje finnst eit rike,
der einast kjærleik gror.

Diktaren som har skapt fleire av dei vakraste kjærleiksdikta våre, valgte døden – ikkje livet eller kjærleiken.

Han tykte han hadde svikta både seg sjølv og sine “brør” fordi han mangla evnen til å elska og fordi han døydde med eit einsamt og sundslege hjarta.

Tor Jonsson var ein fantastisk forfattar. Eg gler meg til å arbeide meir med den store forfattararven han etterlet seg i 2010. Her kan Lom gjere mykje framover. Her ligg det spanande moglegheiter. Eg gler meg til å prate meir om Tor Jonsson i Ottadalsradioen 2 juledag.

Noko av det Jonsson etterlet seg er til ettertanke for meg, og sikkert fleire andre, når han talar om ordet.

Kvart ord du møter andre menneske med, skal du møte att.
Så ikkje ugras, for du skal sjølv vere med å hausta det du sår.
Akta deg for dei tome orda, frasene.

Han har også eit eige dikt som heiter nettopp Ordet utgjeve i Mogning i mørket i 1943.

Kva hjelp det å syngje
som elv i det aude ?
Kva hjelp det å kyngje
med klokker for daude.

Kva hjelp det å skapa
all venleik i verda.
Når orda lyt tapa
for svolten og sverda.

Slik undrast og spør vi
i modlause stunder.
Men hugse det bør vi:
Eit ord er eit under.

Dei gløymest dei gjæve,
og alt det dei gjorde.
Men livet er æve.
Og evig er ordet.

Med Tor Jonsson ynskjer eg alle som les bloggen min ei riktig varm og fredfull julehøgtid.